Ny renterekord i Lånekassen

Sist oppdatert: 10.02.2016
Kundar i Lånekassen kan no binde renta på studielånet sitt i tre år på rekordlåge 1,677 prosent.

Dei nye fastrentesatsane, som gjeld frå 1. mars, er på 1,677 prosent for binding i tre år, 2,021 prosent for fem år og 2,677 prosent for ti år.

– Dette er dei lågaste fastrentene nokon gong, uavhengig av bindingstid. Den lågaste renta i historia til Lånekassen før dette var på 1,933 prosent, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.      
Tre års fastrente går ned med 0,256 prosentpoeng, femårsrenta går ned med 0,206 prosentpoeng, medan ti års fastrente går ned med 0,234 prosentpoeng. Den flytande renta frå 1. mars er på 1,933 prosent.

Kan binde i perioden 10.–17. februar

– Dei som ønskjer å binde renta, kan gjere det i perioden 10.–17. februar. Kundane søkjer om fastrente på lanekassen.no, seier Herstad.

487 200 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 146 000 har fast rente. Studielånsrenta blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.

Ny utrekningsmodell

I statsbudsjettet for 2016 blei det vedteke ein ny modell for fastsetjing av renta i Lånekassen, Statens pensjonskasse og Husbanken. Den nye modellen i Lånekassen vil gjelde frå 1. mars 2016 for både fast og flytande rente.

– Medan renta i Lånekassen sidan 2004 har vore basert på renteobservasjonar på Oslo Børs, er grunnlaget no gjennomsnittet av dei beste tilboda om bustadlån i marknaden, seier Herstad.

Gjennomsnittet av dei beste bustadlånsrentene dannar renta som blir kalla basisrenta. Frå basisrenta blir det trekt frå 0,5 prosentpoeng. Den nye rentemodellen baserer seg på data som lånetilbydarar er forplikta til å rapportere inn til Finansportalen.