Ny rentebotn i Lånekassen

Sist oppdatert: 21.04.2017
Fastrentene i Lånekassen har aldri vore lågare. Frå 1. mai vil fastrentesatsen for tre års bindingstid vere 1,569 prosent, for fem år 1,903 prosent og for ti år 2,550 prosent.

Også den flytande rentesatsen i Lånekassen er no på eit historisk lågt nivå: under 2 prosent.

– Både tre og fem års fastrente vil frå 1. mai igjen vere lågare enn den flytande renta på 1,913 prosent, påpeikar Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Samanlikna med dagens nivå minkar alle fastrentene med cirka 0,1 prosentpoeng.

Kan binde i perioden 10.–17. april

– Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. mai, kan gjere det i perioden 10.–17. april. Alle som skal søkje om fastrente, gjer det på lanekassen.no, seier Herstad.

488 000 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 147 400 har fast rente. Ikkje alle med flytande rente kan binde renta. Kundar som for eksempel har mindre enn tre år igjen av nedbetalingstida, som får støtte til utdanning eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan ikkje binde renta.

Marknadsstyrt rente

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på utrekningar frå Finanstilsynet. Både fast og flytande rente blir fastsette seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.