Ny netteneste for tilbakebetalarar

Sist oppdatert: 01.07.2015
Lånekassen tilbyr no dei 500 000 tilbakebetalarane fleire tenester på nett. Alle som har bruk for å søkje om betalingsutsetjing eller rentefritak, kan gjere det papirfritt.

– Både studentane og tilbakebetalarane ønskjer å ordne opp sjølve, og det er gledeleg at vi kan gjere det enklare for brukarane våre. Dagens studentar kan leve eit papirfritt liv med Lånekassen. No er det tilbakebetalarane sin tur. Vi har nesten alle tenestene på nett, no også søknad om rentefritak, seier Astrid Mjærum, informasjonssjef i Lånekassen.

Kvart år søkjer rundt 100 000 kundar om betalingsutsetjing eller rentefritak (sletting av renter) på studielånet.

Nettet tek over – folk hjelper seg sjølve

Dei unge ønskjer å bruke nettet når dei skal kontakte det offentlege. Dei siste tre åra har nettbruken mellom kundane i Lånekassen auka jamt. Så langt i år har nettenestene hatt til saman meir enn fem millionar besøk, i 2008 var talet 4,3 millionar, mot 3,7 millionar i 2007.

– Nettbruken sparer ressursar både for den enkelte, miljøet og samfunnet elles, seier Mjærum. Ho fortel at det i åra framover vil komme enda fleire tenester for sjølvhjelp. – Dersom kundane ordnar dei enkle og greie tinga sjølve på nett, får vi betre tid til dei sakene som ikkje er A4.

Mange får svar med éin gong

Kunden treng ikkje oppgi grunn dersom ho vil søkje om betalingsutsetjing. Betalingsutsetjing er ei fleksibel ordning, men ved å bruke denne ordninga må kundane betale meir renter. Lånekassen kan også gi rentefritak på lånet dersom kunden er sjuk, arbeidsledig eller heime med barn og samtidig har låg inntekt. 

Dei som ønskjer å utsetje betalinga, får svar med ein gong etter at dei har søkt, eller dei får ein SMS eller e-post om kor lang behandlingstida er. Søknader om rentefritak kan ikkje bli behandla før likninga for det aktuelle året ligg føre.

Nye tenester på ny plattform

Dei nye tenestene er laga på heilt nye plattformer, som etter kvart skal erstatte alle nettenestene til Lånekassen. Tenestene er eit resultat av fornyingsarbeidet i Lånekassen, der både kunde- og saksbehandlingssystemet skal bytast ut steg for steg over ein fireårsperiode. Første leveransen i prosjektet, som er eit samarbeid mellom Lånekassen og Capgemini, har vore vellykka.

– Det har dei to siste vekene komme inn over 14 000 nye nettsøknader, det er ei god stadfesting på at prosjektet har levert ei løysing som er godt motteken av kundane i Lånekassen, seier Sigurd Eriksson, prosjektleiar for Lånekassen.