No må 50 000 studentar dokumentere at dei budde borte

Sist oppdatert: 20.01.2015
50 000 studentar som oppgav til Lånekassen at dei var bortebuarar i 2014, blir no bedt om å dokumentere at dei budde borte. Berre studentar som bur borte frå foreldra sine, har rett til utdanningsstipend.

Dette er første gong Lånekassen kontrollerer alle studentar som har oppgitt at dei var bortebuarar, men som studerte så nær foreldra sine at dei kunne ha budd heime. Tidlegare er det berre gjort stikkprøvekontrollar, der rundt 1 000 studentar blei plukka ut til kontrollen.

Alvorleg misbruk av velferdsgode

Dei aller fleste studentar er ærlege, men Lånekassen veit at somme oppgir i søknaden at dei bur borte, medan dei faktisk bur saman med foreldra sine. Sidan studentar ikkje pliktar å melde flytting til folkeregisteret, er Lånekassen avhengig av at studentane sjølve opplyser om bustatus. Ordninga er derfor basert på tillit.
– Dei tidlegare stikkprøvekontrollane våre har vist at somme oppgir at dei er bortebuarar utan å vere det. Vi får også inn tips om studentar som juksar med dette. Å jukse til seg eit stipend ein ikkje har rett til, er alvorleg misbruk av velferdsgoda i samfunnet. Det er viktig at utdanningsstøtta går til dei som har rett til den, seier Marianne Andreassen, administrerande direktør i Lånekassen.

Strenge reaksjonar

Å oppgi til Lånekassen at ein er bortebuar uten å vere det, er svært alvorleg og kan få store konsekvensar for den enkelte studenten.
– Den vanlegaste reaksjonen er at studentane ikkje får gjort om lån til utdanningsstipend, og at dei misser retten til støtte, betalingsutsetjing og rentefritak i like mange semester som dei har gitt urette opplysningar. I dei mest alvorlege tilfella kan studentane misse retten til utdanningsstøtte for alltid, og det kan bety at dei ikkje får gjennomført den utdanninga dei hadde planlagt. Dokumentfalsk, eller forsøk på dokumentfalsk, vil bli meldt til politiet, seier Andreassen.

Dei 50 000 studentane som skal kontrollerast, får no eit brev frå Lånekassen der dei blir bedt om å sende inn anten kopi av leigekontrakt eller stadfesting som viser at dei eig husværet dei bur i.  Dei som ikkje svarer, vil bli vurderte som heimebuarar, og Lånekassen vil leggje til grunn at dei har gitt urette opplysningar om bustatusen sin.

Fakta:

  • Basisstøtta til studentar i høgare og anna utdanning blir betalt ut som lån, men inntil 40 prosent av beløpet kan bli gjort om til utdanningsstipend etter bestått eksamen, dersom studenten har vore bortebuar og inntekta/formuen/trygda ikkje har vore høgare enn dei fastsette beløpsgrensene. Studentar som bur saman med foreldra sine, har ikkje rett til utdanningsstipend. Av det totale støttebeløpet som blei betalt ut i 2014, var 6,4 milliardar omgjeringslån til studentar i Noreg (det vil seie lån som kan bli gjort om til utdanningsstipend).
  • Rundt 50 000 studentar får no eit brev frå Lånekassen der dei blir bedt om å dokumentere at dei var bortebuarar i heile eller delar av 2014, slik dei har oppgitt til Lånekassen. Studentane må sende inn anten kopi av leigekontrakt eller dokumentasjon som viser at de eig husværet dei bur i. Det er kalenderåret 2014 som blir kontrollert. Studentane må dokumentere bustatusen for dei semestra dei har fått støtte i 2014.
  • Dette er første gongen alle studentar som har oppgitt at dei budde borte, men som kunne ha budd heime, blir kontrollerte. Tidlegare er det berre gjort stikkprøvekontrollar, der 1 000 studentar blei plukka ut. Basert på resultata frå den forrige stikkprøvekontrollen, som blei gjennomført våren 2012, blei det rekna ut at det i undervisningsåret 2011–2012 kan ha blitt gitt utdanningsstipend på feil grunnlag tilsvarande 72 millionar kroner.
  • Alle som får kontrollbrev, må sende svar til Lånekassen. Dei som ikkje svarer, vil bli vurderte som heimebuarar som har gitt urette opplysningar om bustatusen sin. Det vil mellom anna kunne føre til at dei misser retten til støtte for neste undervisningsår, 2015–2016.
  • 261 800 studentar fekk støtte frå Lånekassen til utdanning i Noreg i kalenderåret 2014. 238 700 studentar oppgav at dei var bortebuarar i heile eller delar av 2014. 50 000 av desse studerte så nær foreldreheimen sin at dei kunne ha budd heime.
  • Våren 2014 kunne fulltidsstudentar få 47 200 kroner som basisstøtte, medan dei hausten 2014 kunne få 48 925 kroner som basisstøtte. Maksimalt utdanningsstipend for våren 2014 var 18 880 kroner, for hausten 2014 var det 19 570 kroner.