No kan studentar søkje om stipend og lån for neste studieår

Sist oppdatert: 22.07.2015
Studentar som har sikra seg studieplass til hausten, kan no søkje om stipend og lån frå Lånekassen. Vel du å signere elektronisk, blir det enklare og raskare å søkje.

– Vel å signere studielånet elektronisk. Då slepp du å vente på at brevet skal komme i posten og å sende brevet tilbake til oss. E-signering gjer søknadsprosessen enklare og raskare, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen. 

Alle som ønskjer å signere avtalen om støtte elektronisk, må krysse av for dette i søknaden.

Studentar med rett til støtte som søkjer før 1. juni og som signerer studielånet sitt elektronisk, er med i trekninga av reisegåvekort på 10 000 kroner.

– Søkjer du tidleg, får du pengane tidlegare, så framt alt er i orden med søknaden, seier Herstad.

Fulltidsstudentar i høgare utdanning kan få inntil 97 850 kroner i basisstøtte for neste undervisningsår. Fristen for å søkje om støtte for hausten er 15. november.

  • 401 000 studentar, elevar og lærlingar har fått støtte frå Lånekassen i undervisningsåret 2013–2014. Om lag 180 000 av desse er studentar i høgare utdanning.
  • Fulltidsstudentar i høgare utdanning kan få 97 850 kroner i basisstøtte for undervisningsåret 2014–2015. Støtta blir betalt ut som lån, men dei som bur borte, kan få inntil 40 prosent av beløpet gjort om til utdanningsstipend etter bestått eksamen.