No kan elevar i Telemark søkje om stipend

Sist oppdatert: 03.06.2013
Telemark er det første fylket der elevane i vidaregåande skole kan søkje om stipend frå Lånekassen for neste skoleår.

Dei andre fylka kjem etter frå 3. juli.

Alle med ungdomsrett i vidaregåande har rett til utstyrsstipend frå Lånekassen. Stipendet er på 930 kroner, 2 060 kroner eller 2 970 kroner, avhengig av utdanningsprogrammet.

– Alle med ungdomsrett får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener, men dei må søkje om det. Lånekassen vil då samtidig sjekke om dei har rett til andre typar stipend, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Elevar kan søkje om stipend frå Lånekassen på Dine sider på lanekassen.no når dei har fått opptak og takka ja til skoleplassen. Nytt for neste skoleår er at avtale om støtte blir send i posten heim til elevane.