No kan elevar i Telemark søkje om stipend for neste skoleår

Sist oppdatert: 01.06.2017
Telemark er det første fylket der elevar i vidaregåande skole kan søkje om stipend frå Lånekassen for neste skoleår.

Elevar i Telemark kan allereie no søkje om stipend frå Lånekassen, dersom dei har fått opptak og takka ja til skoleplassen. Elevar i resten av landet må vente til juli med å søkje. Grunnen er at Telemark er testfylke for opptaket i fylkeskommunane, slik at elevane der får skoleplass tidlegare enn resten av landet.

Utstyrsstipend til alle

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, som skal gå til utstyr elevane treng i opplæringa.

– Når elevane søkjer om utstyrsstipend, sjekkar Lånekassen samtidig om dei har rett til andre typar stipend, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen. Dette kan vere stipend til elevar som må bu borte, eller til elevar frå familiar med svak økonomi.

Elevane får 1 014 kroner, 2 245 kroner eller 3 750 kroner i utstyrsstipend for skoleåret 2017–18, avhengig av kva utdanningsprogram dei tek.

Foreldre må signere for stipend til barn under 18 år

For at foreldre skal kunne få svar på søknaden om stipend digitalt og signere avtalen raskare, bør dei opprette ein digital postkasse før eleven søkjer om stipend. Dei kan velje mellom Digipost eller e-Boks på noreg.no.

– Digital kommunikasjon med staten er raskare, billigare og meir miljøvennleg enn å få vedtak i posten, signere på papir og sende inn, påpeikar Herstad.

Her kan du lese meir om kva elevar i vidaregåande opplæring får i støtte frå Lånekassen.