Naturfilosof opprettet avtalegiro - vant 10 000

Sist oppdatert: 25.01.2017
Sigurd Hverven (25) synest det er kjedelegt å betale rekningar, og var raskt med å opprette avtalegiro på studielånet då han såg konkurransen til Lånekassen. No vil han bruke meir tid på å skrive ei bok om naturfilosofi og mindre tid i banken.

Vinner avtalegirokonkurranse 2017

Bildet er frå eit utvekslingsopphald i Heidelberg i Tyskland. 

Det var ønske om å bli klokare som styrte utdanningsvalet.
- Filosofiutdanningen har forma synt mitt på verda, og korleis eg deltek i samfunnsdebatten. Lånekassen gjorde at eg kunne studere meir og jobbe mindre, fortel Sigurd, som ofte skriv politiske innlegg i mediet. 

Allereie klar for meir utdanning

Sjølv etter ei fersk master frå Universitetet i Oslo er han klar for meir forsking på naturen. Til hausten blir han Phd.-stipendiat i filosofi på NTNU i Trondheim.  

- I framtida jobbar eg kanskje i akademia, dersom det ikkje blir for styrt av teljekantar. Det er viktig å skrive artiklar som er tilgjengelege for mange, ikkje berre akademiske tekstar som berre blir lesne av ei lita gruppe menneske i akademia, meiner Sigurd.

Vi håper 10 000 kr mindre i studielån gir han ein god start på den nye kvardagen i Trondheim.