MinID filmkonkurranse

Sist oppdatert: 21.10.2010

Nå gjer Vigo som Lånekassen, dei går over til MinID som innloggingsløysing i staden for å bruke eigen innlogging.  I samband med overgang til MinID blir det arrangert filmkonkurranse for alle som går på vidaregåande.

Vigo.no er portalen der du søkjer om skole- eller lærlingplass i vidaregåande opplæring. Alle som er elev i vidaregåande kan være med å lage ein filmsnutt på under minuttet om korleis du kan lage og hugse passordet til MinID.

Avstemming på YouTube

Filmkonkurransen vil skape merksemd rundt overgangen og at alle nå skal bruke MinID. Bodskapen vil samtidig bli presentert av dei som også skal være mottakarane; nemleg ungdommen. Filmane blir lagt ut på youtube.com/minidfilm. Her kan du også stemme fram din favoritt. Både vinnarane av folkejuryen og fagjuryen vil få pengepremiar. Gå til vilbli.no for meir informasjon og påmelding.

Frist for å sende inn bidrag er 22. januar.