Masterstudent på jakt etter prosjekt? Lånekassen trenger din hjelp!

Sist oppdatert: 21.10.2010

Lånekassen søkjer etter ein masterstudent innanfor samfunnsvitskap (statsvitskap, sosiologi, samfunnsgeografi osv.) som har lyst til å sjå nærare på kvifor ein av tre norske legestudentar tek utdanninga si i Aust- og Sentral-Europa.

Nær halvparten av medisinstudentane som fekk støtte frå Lånekassen i 2008-2009, studerte ved utanlandske lærestader. Fleirtalet tok utdanninga i Aust- og Sentral-Europa (Ungarn, Polen, Tsjekkia og Slovakia). Sidan 1998 har det vore ei fordobling av norske medisinstudentar i desse landa.

Lånekassen tilbyr kontorplass og dekkjer utgifter

Lånekassen har behov for god og systematisk kunnskap om korleis studiefinansieringa verkar for medisinstudentane i Aust- og Sentral-Europa. Vi ønskjer derfor å knyte til oss ein mastergradsstudent som er interessert i å skrive ei oppgåve om dette, helst i løpet av 2010-2011. Du får bruke datamaterialet vårt, og vi kan i tillegg tilby stipend, rettleiing og kontorplass i lokala våre på Økern i Oslo.

Samanlikning av medisinstudentar

Ramma for sjølve masteroppgåva kan vere å ta utgangspunkt i eit årskull medisinstudentar som har studert i Aust- og Sentral-Europa, og samanlikne dei med det tilsvarande årskullet av medisinstudentar i Noreg. Lånekassen vil bidra med å finne det materialet som er tenleg å analysere, og vi ønskjer at opplysningane skal bli innhenta både frå datagrunnlaget vårt og gjennom ei spørjeundersøking. Aktuelle spørsmål kan vere: Kor mange avbryt eller blir forseinka i utdanninga? Kva faglege resultat oppnår studentane undervegs i utdanninga? Kvar og med kva jobbar studentane etter fullført utdanning?

  • For meir informasjon, ta kontakt med
  • Søknadsfrist: 15. september 2010