Liten renteoppgang på studielånet

Sist oppdatert: 21.10.2010
Det blir ein liten oppgang i den flytande renta på studielånet. Frå 1. september vil renta vere på 3,260 prosent.

For dei av Lånekassen sine kundar som har flytande rente, vil renta vere på 3,065 prosent fram til 1. september. Deretter stig den litt, til 3,260 prosent.

450 000 av kundane i Lånekassen har flytande rente, 80 000 har fast rente.

Raskare rentekutt

Frå 1. juli innfører Lånekassen ei ny renteordning, som fører til at kundane får gleda av raskare rentekutt når renta blir lågare. Samtidig vil studielånsrenta også følgje marknadsrenta tettare når den stig.

– Då rentene fall kraftig gjennom 2008 og litt ut i 2009, blei Lånekassen kritisert for at vi ikkje følgde rentenedgangen. Etter at renta har begynt å stige igjen, har derimot atskilleg færre hatt innvendingar mot at studielånsrenta har hengt etter marknaden, påpeikar Mjærum.

Binding av renta

Kundane vil no kunne binde renta seks gonger i året, mot fire i den tidlegare ordninga.

– Du vil framleis få fire rekningar i året, men du vil få sjansen til å binde renta annankvar månad, ikkje berre kvar tredje slik det har vore til no, fortel Mjærum.
Dei neste fastrentesatsane blir klare 1. august, og fristen for å søkje om fast rente frå 1.september vil bli allereie 12.august.

Ny renteordning fastsett av Finansdepartementet

Finansdepartementet har bestemt at Lånekassen og dei andre statsbankane skal ha ei ny renteordning som mellom anna inneber at kundane skal få fullt innsyn i korleis renta blir fastsett. Renta vil heretter bli oppgitt med tre desimalar, og detaljane i rentefastsetjinga vil vere tilgjengelege her.