Lånekassen på topp i innbyggjarundersøkinga 2013

Sist oppdatert: 01.07.2015
Brukarane har talt: Lånekassen er forvaltningsorganet dei totalt sett er mest tilfredse med, etterfølgt av Tollvesenet, politiet, Vegvesenet, Skatteetaten, NAV og plan- og bygningskontoret. Dette kjem fram i regjeringa si innbyggjarundersøking for 2013.

– Dette er resultat Lånekassen er svært godt fornøgd med. Målet vårt er den gode kundeopplevinga med digitale løysingar, og det gjennomsyrer alt vi gjer. Undersøkinga viser at vi har teke riktige val, og vi er glade for at dette gir gevinstar for kundane våre, seier Marianne Andreassen, administrerande direktør i Lånekassen.

Innbyggjarundersøkinga om det offentlege Noreg er den største og mest omfattande undersøkinga av kor tilfredse innbyggjarane og brukarane er med forvaltninga og det offentlege tenestetilbodet. Dette er andre gong innbyggjarundersøkinga blir gjord, første gong var i 2010.

I tråd med Lånekassen sin strategi

Innbyggjarundersøkinga 2013 viser at Lånekassen totalt sett kjem høgt når det gjeld tilfredse brukarar, og høgast av alle dei sju forvaltningsorgana som er vurderte. Undersøkinga viser vidare at brukarane har stor tillit til Lånekassen, og dei synest det er lett å forstå informasjonen frå Lånekassen og korleis dei skal fylle ut skjema. Dei er tilfredse med Lånekassen sine nettsider og moglegheitene dei har til å utføre oppgåver på nettet.

– Dette samanfell veldig godt med strategien vår om digitalt førsteval. Kundane skal ikkje trenge å kontakte oss på telefon eller e-post, dei skal sjølve finne svar på det dei lurer på, på nettsidene våre. Samtidig skal dei oppleve at sjølvbeteningsløysingane våre er enkle, trygge og raske, seier Andreassen.

– Inspirerer til vidare utviklingsarbeid

Undersøkinga viser at brukarane totalt sett er vesentleg meir tilfredse med Lånekassen sine tenester no enn i 2010. Lånekassen skårar også betre på alle temaområde i 2013 samanlikna med 2010.

– Dei gode resultata i innbyggjarundersøkinga inspirerer oss til vidare utviklingsarbeid, slik at vi kan tilby enda betre løysingar for kundane våre, seier Andreassen.

Fakta om innbyggjarundersøkinga 2013:

  • Innbyggjarundersøkinga 2013 er gjennomført av TNS Gallup på vegner av Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT), som har fått oppdraget frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD). 30 000 tilfeldig utvalde nordmenn fekk hausten 2012 sjansen til å seie meininga si om forvaltninga og offentlege tenester.
  • Innbyggjarundersøkinga kartlegg blant anna kva innbyggjarane meiner om det offentlege tilbodet i kommunen sin, kor stor tillit dei har til politikarane, kva haldningar dei har til det offentlege, digitaliseringa, tryggleik, effektivitet og klagebehandling. I tillegg er det ein eigen del om kva brukarane meiner om statlege, kommunale og fylkeskommunale verksemder, som fastlege, helsestasjon, sjukehus, heimesjukepleie, politi, Skatteetaten, NAV, Lånekassen, SFO, skole og folkebibliotek. Dei 23 verksemdene i brukardelen er sorterte i fire kategoriar: utdanning og kultur, helse, omsorg og forvaltningsorgan.
  • Innbyggjarundersøkinga 2013 viser at brukarane er meir tilfredse no enn i 2010 når det gjeld alle forvaltningsorgan. Særleg har framgangen vore stor innanfor området digitalisering og servicen frå dei tilsette si side.
  • Les meir om innbyggjarundersøkinga 2013 på Difi sine nettsider.