Klarspråksprisen til Lånekassen

Sist oppdatert: 21.10.2010

Lånekassen har fått Klarspråkprisen 2009. Prisen, som blei delt ut for første gang, skal kvart år gå til eit statsorgan som har gjort ei ekstraordinær innsats for å bruke eit klart, godt og brukarvennleg språk i sine tekster til publikum.

I grunngjevinga frå juryen heiter det at ”prisen går til eit statsorgan som arbeider innanfor eit felt med mykje vanskeleg juridisk og økonomisk terminologi. Det møter store utfordringar i å gjere tunge formuleringar om til godt og klart språk og i å synleggjere kva rettar og plikter brukarane har”.

Kunden sitt språk

Solbjørg Sørensen, leiar for Kundeinformasjonsavdelinga i Lånekassen, meiner det er viktig å tilpasse seg kunden sitt språk. Og i juryen si grunngjeving er det presisert at "vinneren har gjort en ekstraordinær innsats og lagt ned et omfattande arbeid i brukerundersøkelser. Juryen er spesielt imponert over måten de har involvert ulike brukergrupper i klarspråksarbeidet på”.

Viktig med tilbakemeldingar frå kundane.

Kvar dag er Lånekassen i kontakt med over 40 000 menneske, og over fleire år er det blitt jobba systematisk med språket for at denne dialogen skal bli best mogleg. Tilbakemeldingar frå kundar er eit viktig middel for å betre språket i brev, brosjyrar og på nettet.

Direktør i Lånekassen, Bertil Tiusanen, er svært glad for utmerkinga.
– Dette viser at vi gjer eit godt arbeid med vårt formål: vi skal gjere utdanning mogleg! seier Tiusanen.

16-åringane sitt første møte med staten

– Muligheitene til å sjekke kva språk kundane bruker er i dag store. Ved å følgje med på søkjeloggen på nettet for eksempel, ser vi at det er mange eksempel på ord i regelverket som sjeldan eller aldri blir brukt som søkjeord på nettet. Då må vi tilpasse oss kunden sitt språk, seier Sørensen

– Vi er det første møtet med staten for alle 16-åringane i landet. Dersom vi legg eit godt grunnlag i språket og i tenestene våre, vil dei kanskje få eit enkelt liv med det offentlege, seier Tiusanen.