Ivrig naturfagslærar vann avtalegirokonkurransen

Sist oppdatert: 23.08.2016
Thomas Lervik Engåvoll oppretta avtalegiro, og vann tre terminbeløp på nedbetalinga av studielånet. - Eg tok opp lånet for å bli ein betre naturfagslærar, smiler han fornøgd.

Vinner avtalegirokonkurranse 2016

 

Blei ein betre lærar

Lektoren på Røros vidaregåande skole var opphavleg sivilingeniør og gardbrukar, før han fann jobben han trivst best i.

- I dag stiller elevane så spennande spørsmål, fordi dei les mykje på nettet. Då er det godt å kunne svare dei.

I lærarjobben merkte han behovet for eit større fagleg mangfald, og tok opp studielån for å vidareutdanne seg innan kjemi, fysikk og pedagogikk.

- No veit eg meir om felt som kanskje mange ikkje kjenner til. Det er gøy, stadfestar den engasjerte læraren.

Studielån gir meir enn eit yrke

- Utdanning er viktig, og å lære nye ting gir eit kick, meiner Thomas. Ei utdanning kan brukast på mange forskjellige måtar. Kunnskap gjer kvardagen meir interessant, rett og slett. Å ta opp eit studielån, som blir betalt ned utan problem, er verdt det.

Nedbetalinga er enklare med avtalegiro

- Med avtalegiro skjer nedbetalinga av studielånet automatisk og til riktig tid, utan at eg merkar det. Økonomien går av seg sjølv - det er nesten skummelt.

Avtalegirokonkurransen blei gjennomførd i desember 2015, og retta seg mot nye tilbakebetalarar som fekk ein nedbetalingsplan hausten 2015.