Innlogging til Dine sider med BankID rett rundt hjørnet

Sist oppdatert: 15.11.2012
Frå slutten av november kan du logge inn på Dine sider hos Lånekassen med den same innlogginga du bruker i nettbanken din. Dette gir enklare tilgang for mange.

For å logge inn på Dine sider går du via ei teneste som blir kalla ID-porten. ID-porten blir utvikla og driven av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

  • Les meir om innføringa av BankID på Difi sin sider.

Fleire innloggingsalternativ - enklare tilgang

Skal du søkje om noko frå Lånekassen, for eksempel stipend, lån eller betalingsutsetjing, eller du berre vil sjekke kundeforholdet ditt, kan du snart bruke BankID for å få gjort dette. På denne måten blir det enda enklare å logge seg inn til Lånekassen sine tenester på Dine sider. BankID er den løysinga dei aller fleste norske nettbanker bruker.

Tidlegare har du kunna logge inn via MinID, Buypass og Commfides. BankID blir no lagt til som eit fjerde innloggingsalternativ i ID-porten.

I første omgang er det ingen nye tenester på Dine sider som følgje av dette og du vil framleis ha full tilgang til alle søknader og tenester på Dine sider med MinID.

Når kjem dette?

BankID skal vere råd å bruke som innlogging til Dine sider frå 27. november, og du loggar inn på same måten som i nettbanken din. BankID på mobil kan ikkje brukast i ID-porten.

Fakta om ID-porten

  • ID-porten gir innbyggjarane tilgang til nettenester frå meir enn 270 offentlege verksemder, og er ei fellesløysing for offentleg sektor drifta av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
  • ID-porten gir frå slutten av november 2012 valet mellom fire elektroniske ID-ar: det offentlege sin eigen MinID og dei private løysingane BankID, Buypass og Commfides
  • MinID er på mellomhøgt sikringssnivå og gir tilgang til dei aller fleste tenestene som finst i dag.
  • BankID, Buypass og Commfides gir tilgang til alle tenestene, også tenester på høgaste sikringssnivå. Desse tenestene vil det bli fleire av framover.