Inga endring av studielånsrenta

Sist oppdatert: 21.10.2010
Den flytande renta på studielånet blir ikkje endra. Studielånsrenta vil dermed vere på 3,260 prosent også etter den 1. november.

450 000 av kundane i Lånekassen har flytande rente, 80 000 har fast rente.

For dei av Lånekassen sine kundar som valde å binde renta i perioden 2.-14. august, blei den faste renta på studielån frå 1. september sett til 3,357 prosent for tre år, 3,650 prosent for fem år og 4,232 prosent for ti års bindingstid.

527 avslutta fastrenteavtalane sine

– I same perioden hadde kundane for første gong høve til å avslutte fastrenteavtalar før tida. 527 kundar valde då å gå over til flytande rente, opplyser Astrid Bugge Mjærum, informasjonsdirektør i Lånekassen.

Søkjeperioden for å avslutte ein fastrenteavtale vil heretter vere lik søkjeperioden for å inngå ny fastrenteavtale. Neste søkjeperiode for både å inngå og avslutte fastrenteavtalar i Lånekassen vil bli mellom 1. og 12. oktober 2010.

Nye rentesatsar annankvar månad

Både den flytande og den faste renta på studielånet blir fastsett seks gonger i året.

– Ny fast rente som gjeld frå 1. november, vil bli offentleggjord i byrjinga av oktober, medan ny flytande rente som gjeld frå 1. januar, vil bli fastsett i byrjinga av november, fortel Mjærum.