Inga endring av studielånsrenta

Sist oppdatert: 10.11.2010
Den flytande renta på studielånet held seg på 3,260 prosent ut februar 2011. Studielånsrenta har då stått uendra i eit halvt år.

Også satsane for fast rente i Lånekassen har vore stabilt låge sidan september i år. Kundar som ønskte å binde studielånsrenta i perioden 1.-12. oktober, kunne velje mellom ein fastrentesats på 3,357 prosent for tre år, 3,650 prosent for fem år eller 4,232 prosent for ti års bindingstid.

Ny fast rente fra januar

– Fast rente som gjeld frå 1. januar, vil bli offentleggjord i byrjinga av desember, medan flytande rente som gjeld frå 1. mars, vil bli fastsett i byrjinga av januar, opplyser Astrid Bugge Mjærum, informasjonsdirektør i Lånekassen.

450 000 av kundane i Lånekassen har flytande rente, 80 000 har fast rente. Både den flytande og den faste renta på studielånet blir fastsett seks gonger i året.