I juni får studentar ekstra pengar frå Lånekassen

Sist oppdatert: 26.09.2017
170 000 studentar får i juni ei ekstra utbetaling frå Lånekassen. Dette er første trinn i ei opptrapping til 11 månader med utdanningsstøtte.

Stortinget vedtok i fjor ein plan for å trappe opp utdanningsstøtta gradvis frå 10 månader til 11 månader. Opptrappinga skal skje over fire år, og i år får studentane pengar for ei ekstra veke.

Utbetalinga kjem i juni

– Utbetalinga på rundt 2 600 kroner, som kjem 15. juni, utgjer ein fjerdedel av basisstøtta studentar får i månaden, seier Marianne Andreassen, administrerande direktør i Lånekassen.
Det er fulltidsstudentar i høgare utdanning eller fagskoleutdanning som får denne ekstra utbetalinga. For dei som avsluttar utdanninga i ein annan månad enn juni, kan utbetalinga skje på andre tidspunkt gjennom året.

No kan studentar søkje om stipend og lån

Studentar som har studieplass til hausten, kan no søkje om stipend og lån frå Lånekassen for neste undervisningsår.
– Det er lurt å søkje tidleg for å få pengane til studiestart, fortel Andreassen.

Kan få 111 657 kroner

Fulltidsstudentar i høgare utdanning kan få 111 657 kroner i basisstøtte for undervisningsåret 2017– 2018. Basisstøtta blir gitt som lån. Bortebuarar kan få inntil 44 663 kroner av lånet gjort om til stipend etter bestått eksamen. For at ein skal få full omgjering frå lån til stipend, må inntekta og formuen vere innanfor grensene i forskrifta.