Kvar sjette student får stipendkutt

Sist oppdatert: 14.09.2020
Lånekassen har no gjennomført den årlege omgjeringa av lån til stipend. 41 300 studentar får redusert utdanningsstipend fordi dei hadde inntekt og/eller formue over fribeløpet i 2014.

Lånekassen har innhenta likningsopplysningar for 255 700 studentar for 2014. Basisstøtta til studentar blir gitt som lån, men inntil 40 prosent av lånet kan bli gjort om til utdanningsstipend.

– Dei aller fleste studentane får full omgjering. 41 300 studentar, det vil seie kvar sjette student, har fått redusert utdanningsstipend for 2014 på grunn av inntekt og/eller formue over beløpsgrensene, seier Liv Simonsen, fagdirektør i Lånekassen.

For å ha rett til å få omgjort lån til utdanningsstipend, må studentane ikkje ha budd saman med foreldra, dei må ha bestått eksamen, og inntekt og formue kan ikkje ha vore høgare enn gitte beløpsgrenser. 28 500 studentar får redusert utdanningsstipend på grunn av inntekt over fribeløpet, 8 500 studentar på grunn av formue og 5 800 studentar på grunn av trygdeytingar i 2014.

I 2013 fekk 42 700 studentar redusert utdanningsstipend, også då var andelen kvar sjette student.

– Studentane kjenner beløpsgrensene

I 2014 kunne studentar som fekk støtte frå Lånekassen heile året, ha 157 265 kroner i person- og kapitalinntekt og likevel få fullt utdanningsstipend. Fribeløpet for formue i 2014 var på 357 782 kroner for einslege studentar og 687 150 kroner for gifte studentar. Fullt utdanningsstipend i 2014 var 18 880 kroner for våren og 19 570 kroner for hausten.

– Studentar flest kjenner beløpsgrensene og er klar over det dersom dei har tent meir. Alle fulltidsstudentar får like mykje i basisstøtte, men dei som har inntekt og/eller formue over beløpsgrensene, får ein mindre del av lånet omgjort til stipend. At studentane kan få omgjort heile 40 prosent av lånet til stipend, viser at vi har ei svært god stipendordning i Noreg, seier Simonsen.

Redusert forsørgjarstipend og ekstrastipend

I tillegg til utdanningsstipendet blir også forsørgjarstipend til studentar med barn og ekstrastipend til studentar med nedsett funksjonsevne behovsprøvde. 13 800 studentar får redusert forsørgjarstipend og 300 får redusert ekstrastipend på grunn av inntekt, trygd eller formue over fribeløpa i 2014.

Fakta om inntekt og formue for studentane:

  • Basisstøtta til studentar i høgare utdanning blir utbetalt som lån. Studentar som bur borte, kan få inntil 40 prosent av lånet gjort om til utdanningsstipend, dersom dei har bestått eksamen / fullført utdanning og inntekt/formue/trygd ikkje har vore høgare enn beløpsgrensene i forskrifta. Omgjeringa skjer etter at Lånekassen har fått likningsopplysningar frå Skatteetaten, til vanleg om hausten året etter at studenten bestod eksamen eller fullførte utdanninga. Studentar som bur saman med foreldra sine, har ikkje rett til utdanningsstipend.
  • Også forsørgjarstipend og ekstrastipend til studentar med nedsett funksjonsevne blir behovsprøvde. Begge blir gitt som stipend og blir eventuelt gjort om til lån etter behovsprøvinga. Forsørgjarstipendet blir behovsprøvd mot både eiga inntekt og ektefellen si inntekt og formue. Ekstrastipendet blir behovsprøvd mot eiga inntekt, men ikkje mot inntekta til ektefellen, og mot samla formue for begge. Stipenda blir behovsprøvde i denne rekkjefølgja: ekstrastipend til studentar med nedsett funksjonsevne, forsørgjarstipend og utdanningsstipend.
  • Stipendet blir redusert med fem prosent per månad av inntekt over beløpsgrensa. Stipendet blir redusert med to prosent per månad av den delen av formuen som er over grensene for einsleg søkjar, og éin prosent per månad av den delen av formuen som er over grensene for gift søkjar / sambuar med felles barn.
  • 41 300 studentar har fått redusert utdanningsstipend på grunn av inntekt, trygd eller formue over fribeløpet i 2014. I tillegg får 13 800 studentar redusert forsørgjarstipend, og 300 studentar får redusert ekstrastipend. Alt i alt får 46 500 studentar redusert stipend (utdanningsstipend, forsørgjarstipend og/eller ekstrastipend til studentar med nedsett funksjonsevne) på grunn av inntekt, trygd eller formue i 2014.

Les meir om inntekt og formue på lanekassen.no
Sjå film om omgjering fra lån til stipend på lanekassen.no her