Historisk låg fastrente på studielån

Sist oppdatert: 29.06.2015

Frå 1.–12. juni kan kundane i Lånekassen binde renta på studielånet på 3,162 prosent for tre år, 3,552 prosent for fem år eller 4,426 prosent for ti år.

– No har rundt 350 000 lånekassekundar sjansen til å binde renta på studielånet sitt til den lågaste fastrentesatsen i historia, seier informasjonssjef i Lånekassen, Astrid Mjærum.

Frå 1. juli endrar vi måten å fastsetje renta på i Lånekassen. Frå då av vil både den faste renta og den flytande renta bli fastsett seks gonger i året, mot fire gonger med dagens ordning. Renta vil heretter bli oppgitt med tre desimalar.

Fristen for å binde renta er 12. juni

Kundane får heretter høve til å binde renta mellom 1. og 12. i annankvar månad. Fristen for å binde renta frå 1. juli er altså allereie 12. juni.

Dei som ikkje aktivt vel fast rente innan fristen, har flytande rente. Rundt 85 prosent av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente, medan 15 prosent har fast rente. Den flytande renta er på 3,065 prosent frå 1. juli.

Dagens fastrentesatsar er 3,7 prosent for tre år, 4,2 prosent for fem år og 4,8 prosent for ti års bindingstid.

Nye rentesatsar annankvar månad

– Med den nye renteordninga vil Lånekassen presentere nye satsar for fast og flytande rente annankvar månad. Ny flytande rente som gjeld frå 1. september, vil bli fastsett i byrjinga av juli, medan ny fast rente som gjeld frå 1. september, vil bli offentleggjord i byrjinga av august, fortel Mjærum.

Med den nye renteordninga vil det vere råd å avbryte fastrenteavtalar i Lånekassen. Denne ordninga gjeld frå 1. juli.