Gradert sjukestipend blir vidareført ut 2012

Sist oppdatert: 18.05.2012
I forslaget til revidert statsbudsjett foreslår regjeringa å vidareføre gradert (delvis) sjukestipend ut kalenderåret 2012.

Ordninga med gradert sjukestipend blei innførd som ei mellombels ordning for undervisningsåret 2011–2012 i samanheng med terrorangrepa 22. juli. Ordninga gjeld for alle studentar med stønad frå Lånekassen.

Kva betyr det for meg?

Dersom forslaget blir vedteke av Stortinget, betyr det at også studentar som er delvis sjukemelde kan få sjukestipend for haustsemesteret 2012, men ikkje våren 2013.

50 prosent eller meir

Sjukestipend betyr at lån blir gjort om til stipend når du blir sjuk i ein periode du får støtte frå Lånekassen. Gradert sjukestipend omfattar studentar og elevar som blir 50 prosent sjukmelde  eller meir, og det blir gitt sjukestipend tilsvarande sjukmeldingsprosenten.

Gjeld for alle

Ordninga med gradert sjukestipend gjeld for alle studentar som kan dokumentere sjukdom i samsvar med krava som blir stilt av Lånekassen. Ordninga gjeld også når du må avbryte utdanninga på grunn av sjukdom.

Sjukestipend for elevar i vidaregåande opplæring

Tek du vidaregåande utdanning med ungdomsrett, kan du få sjukestipend i den perioden du er sjuk, dersom du oppfyller krava til sjukestipend. Beløpet du då får som sjukestipend, er det same som du ville ha fått i stipend og eventuelt lån dersom du ikkje var sjuk, og vil bli gradert i forhold til om du er heilt eller delvis sjukmeld.

Sjukestipend for studentar i høgare utdanning

Tek du høgare eller anna utdanning (all utdanning utanom vidaregåande med ungdomsrett), og blir sjuk og derfor ikkje kan følgje undervisninga, kan du også få sjukestipend. Då får du gjort om lån til stipend i sjukdomsperioden. Beløpet du får som sjukestipend, er det same som du ville ha fått i lån og stipend til saman i den perioden du er sjuk, og vil bli gradert i forhold til om du er heilt eller delvis sjukmeld.

Les meir om sjukestipend her.