Første rentesats etter ny renteordning

Sist oppdatert: 21.10.2010
Det blir ein liten oppgang i den flytande renta på studielånet. Frå 1. juli vil renta vere på 3,065 prosent. Renta vil heretter bli fastsett seks gonger om året, mot tidlegare fire.

Med den nye rentemodellen blir etterslepet i forhold til marknadsrenta mindre enn det er i dag. No vil statsbankane, Husbanken, Statens pensjonskasse og Lånekassen, ha ei meir lik ordning for rentefastsetjing.

– Renta i Lånekassen vil endre seg raskare og komme meir i takt med renta elles i marknaden, fastslår informasjonssjef Astrid Mjærum i Lånekassen.

For dei av kundane i Lånekassen som har flytande rente, vil renta vere på 2,8 prosent fram til 1. juli. Deretter stig den litt, til 3,065 prosent.

465 000 av kundane i Lånekassen har flytande rente, 82 000 har fast rente.

Raskare rentekutt

Den nye renteordninga fører til at kundane får gleda av raskare rentekutt når renta fell. Samtidig vil studielånsrenta også følgje marknadsrenta tettare når den stig.
– Då rentene fall kraftig gjennom 2008 og litt ut i 2009, blei Lånekassen kritisert for at vi ikkje følgde rentenedgangen. Etter at renta har begynt å stige igjen, har derimot vesentleg færre hatt innvendingar mot at studielånsrenta har hengt etter marknaden, påpeikar Mjærum.

Binding av renta

Kundane vil no kunne binde renta seks gonger i året, mot fire i den tidlegare ordninga.

– Du vil framleis få fire rekningar i året, men du vil få sjansen til å binde renta annankvar månad, ikkje berre kvar tredje slik det har vore til no, fortel Mjærum.
Dei neste fastrentesatsane blir klare 1. juni, og fristen for å søkje om fast rente frå 1. juli vil bli allereie 12. juni.

Ny renteordning fastsett av Finansdepartementet

Finansdepartementet har bestemt at Lånekassen og dei andre statsbankane skal ha ei ny renteordning som mellom anna inneber at kundane skal få fullt innsyn i rentefastsetjinga. Renta vil heretter bli oppgitt med tre desimalar, og detaljar i rentefastsetjinga er tilgjengeleg her.