Flytande studielånsrente stabilt låg

Sist oppdatert: 06.01.2015
Den flytande renta i Lånekassen vil vere på 2,521 prosent fram til 1. mai.

– Den flytande renta som gjeld frå 1. januar, er på 2,521 prosent. Den nye rentesatsen som gjeld frå 1. mars, vil vere den same. Dermed forblir renta uendra fram til 1. mai, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Flytande rente i november og desember var på 2,178 prosent, med eit administrativt påslag på 1 prosent. I behandlinga av statsbudsjettet for 2015 vedtok Stortinget å auke påslaget på studielånsrenta med 0,25 prosentpoeng frå 1. januar 2015.

Nye betalarar får første rekninga i januar

Studielånet er rentefritt under utdanninga så lenge du får støtte frå Lånekassen til fulltidsutdanning. Når du er ferdig med utdanninga, har slutta eller ikkje lenger får stipend eller lån, blir det rekna renter frå første månadsskiftet.

– Studentar som avslutta utdanninga våren 2014, får første rekninga i januar med forfall i februar. Rekningane frå Lånekassen skal betalast kvar månad. Vi rår kundane til å velje ein forfallsdato som harmonerer med eigen økonomi, og å opprette automatiske trekk gjennom avtalegiro, seier Herstad.

Marknadsstyrt

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på utrekningar frå Finansdepartementet. Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente. 469 300 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 143 500 har fast rente.
Fastrentene som gjeld frå 1. mars, blir offentleggjorde i månadsskiftet januar–februar. Neste høve til å binde renta er 1.–12. februar.

Følg renteutviklinga og les meir om fastsetjinga av renta i Lånekassen