Flytande studielånsrente forblir uendra

Sist oppdatert: 28.02.2014
Den flytande renta i Lånekassen vil vere på 2,477 prosent ut juni.

– Den flytande studielånsrenta låg på 2,575 prosent i eit halvt år, før den sokk til 2,477 prosent frå mars. Dette er også satsen for mai og juni, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Sju av ti har flytande rente

Både fast og flytande studielånsrente blir fastsett seks gonger i året. Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente. 173 000 av tilbakebetalarane i Lånekassen har fast rente på studielånet sitt, medan 419 400 har flytande rente.

Nye fastrentesatsar i mars–april

I perioden 1.–12. februar kunne kundane i Lånekassen binde renta på 2,673 prosent for tre år, 3,162 prosent for fem år og 3,941 prosent for ti år. Neste sjanse til å søkje om fastrente er 1.–12. april. Nye fastrentesatsar som gjeld for mai og juni, blir offentleggjorde i månadsskiftet mars–april.

Følg renteutviklinga i Lånekassen