Flytande studielånsrente forblir uendra

Sist oppdatert: 29.06.2015
Den flytande studielånsrenta held seg på 2,575 prosent.

Den flytande renta i Lånekassen steig for første gong på eitt og eit halvt år då den gjekk opp til 2,673 prosent i januar i år. Frå mars sokk den igjen til 2,575 prosent. Den same rentesatsen vil gjelde frå 1. mai.

– Den flytande studielånsrenta er på same låge nivået som i oktober i fjor, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Både fast og flytande studielånsrente blir fastsette seks gonger i året. Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.

I perioden 1.–12. februar kunne Lånekasse-kundar binde renta på 2,575 prosent for tre år, 2,673 prosent for fem år og 3,260 prosent for ti år. Neste sjanse til å søkje om fastrente er 1.–12. april. Nye fastrentesatsar som gjeld for mai og juni, blir offentleggjorde i starten av april.