Fleire tek full studiegrad i utlandet

Sist oppdatert: 21.10.2010
I 2009–2010 valde 12 956 norske studentar å ta ein full studiegrad i utlandet, og det tilsvarer ein oppgang på om lag åtte prosent frå forrige studieår. Talet på studentar som reiste ut for å ta enkeltfag, heldt seg stabilt.

I fjor var det for første gong på fleire år ein oppgang i talet på studentar som tok utdanning i utlandet, og trenden held fram i år. Til saman valde 20 165 norske studentar å ta ein del av eller heile utdanninga si i utlandet, og det er ein auke på om lag 1 000 frå i fjor.

– Den positive trenden frå i fjor ser ut til å halde fram. Med tanke på at talet på studieplassar i Noreg ikkje veks proporsjonalt med auka søkjartal, vil det mest sannsynleg bli fleire norske studentar i utlandet i framtida, seier Astrid Bugge Mjærum, informasjonsdirektør i Lånekassen.

Tradisjonelle land på topp

Tala for forrige studieår viser at Storbritannia held stand som det mest populære landet å reise til, 3 542 norske studentar valde å ta heile eller ein del av utdanninga si her. Vidare på lista over dei mest populære studielanda finn vi Danmark, Australia, USA og Polen, som alle hadde meir enn 1 000 nordmenn på studievisitt i fjor. Austeuropeiske land som Polen, Ungarn, Tsjekkia og Slovakia har samla sett ein stor del norske studentar, og dei fleste av desse studerer medisin.

Økonomi og medisin mest populært

Økonomi og administrasjon er det mest attraktive fagområdet for norske studentar i utlandet, 3 458 valde dette. Medisin, samfunnsfag, psykologi, kunstfag, teknologi og arkitektfag er også svært populære fagretningar.

Dei fleste tek bachelorgraden

Dei fleste som reiser ut i studietida, er studentar som tek ein del av eller heile bachelorgraden sin i utlandet. Medan det i fjor reiste ut 12 194 norske bachelorstudentar, var det 7 778 nordmenn på mastergradsnivå i utlandet. Talet på elevar i vidaregåande skole som tek eit utvekslingsår, held fram med å auke. I fjor reiste 1 729 norske utvekslingselevar til utlandet.