Fleire studentar får stipendkutt

Sist oppdatert: 30.10.2012
39 600 studentar får gjort om ein del av eller heile stipendet til lån fordi dei hadde for høg inntekt, formue eller trygd i 2011. Det er 12 prosent fleire enn året før.

23 900 studentar får redusert stipend på grunn av inntekt over fribeløpet, 7 500 på grunn av for høg formue og 7 500 på grunn av for høge trygdeytingar i 2011. I tillegg får 1 800 studentar redusert forsørgjarstipend fordi ektefellen eller sambuaren har hatt inntekt over fribeløpet.

– Mens trenden dei siste åra har vore at fleire har hatt formue over beløpsgrensa og færre har hatt for høg inntekt, ser vi no at fleire får stipendkutt på grunn av inntekt, mens talet som får stipendkutt på grunn av formue, er stabilt, seier Liv Simonsen, fagdirektør i Lånekassen.

Dei aller fleste får fullt stipend

Alle studentar i høgare utdanning får like mykje støtte frå Lånekassen, men dei som har inntekt, formue eller trygd over fribeløpet, får mindre som stipend og meir som lån. Lånekassen fastset dei endelege stipendbeløpa etter å ha innhenta likningsopplysningar frå skatteetaten. Det er utdanningsstipend og forsørgjarstipend som blir behovsprøvde. Frå hausten 2011 blir også forsørgjarstipendet behovsprøvd mot likningsopplysningane for ektefellen, og det er ei av årsakene til at fleire får stipendkutt no.  

I 2011 kunne studentar som fekk støtte frå Lånekassen heile året, tene 140 823 kroner utan at stipendet blei redusert. Fribeløpet for formue var 278 589 kroner. 

– Dei aller fleste studentar har inntekt og formue under beløpsgrensa og får derfor fullt stipend frå Lånekassen, seier Simonsen. 258 700 studentar fekk støtte frå Lånekassen i 2011, 39 600 av dei får no beskjed om at stipendet blir redusert.

Studentane kjenner beløpsgrensene

– Studentane kjenner beløpsgrensene, og dei fleste som no får stipendkutt, er klar over at dei har tent for mykje eller har hatt for høg formue. Dei som ønskjer å jobbe meir enn inntektsgrensa gir rom for, kan velje å gjere det, konsekvensen er at dei får mindre stipend, seier Simonsen. 

 

Fakta om inntekt og formue for studentane i 2011:

  • All støtte til høgare utdanning blir utbetalt som lån. Inntil 40 prosent av lånet blir gjort om til utdanningsstipend etter bestått eksamen. Utdanningsstipend og forsørgjarstipend blir behovsprøvde i ettertid mot inntekt, formue og trygd. Overstig inntekt, formue eller trygd fribeløpet, blir heile eller ein del av stipendet gjort om til lån igjen.
  • 258 700 studentar fekk støtte frå Lånekassen i 2011. 39 600 av dei (15,3 prosent) får redusert stipend på grunn av for høg inntekt, formue eller trygd i 2011. I 2010 fekk 35 400 studentar stipendkutt (14,3 prosent). 
  • 23 900 studentar får redusert stipend på grunn av inntekt over fribeløpet i 2011. 6 400 studentar tente meir enn 400 000 kroner. Studenten med den høgste inntekta tente 3,3 mill. kroner.
  • 7 500 studentar får redusert stipend på grunn av formue over fribeløpet. 600 studentar hadde meir enn 3 mill. kroner i formue. Studenten med høgast formue hadde 237 mill. kroner. 
  • 7 500 studentar får redusert stipend på grunn av trygdeytingar over fribeløpet.
  • 1 800 studentar får redusert forsørgjarstipend fordi ektefellen/sambuaren tente meir enn beløpsgrensa i 2011.
  • Frå hausten 2012 blir stipendet også behovsprøvd mot kapitalinntekt. Samtidig er fribeløpet for formue heva ekstraordinært med 15 prosent. I 2012 er fribeløpet for inntekt 145 400 kroner, mens formuegrensa er på 287 643 kroner for våren 2012 og 330 789 kroner for hausten 2012.