Fleire norske gradsstudentar i utlandet

Sist oppdatert: 01.07.2015
24 424 nordmenn studerte i utlandet forrige studieår, og nesten 17 000 av dei tok heile utdanninga si ute. Aldri før har så mange teke gradsutdanninga si utanfor Noreg.

Men talet på studentar som tok ein del av utdanninga si i utlandet i undervisningsåret 2013–2014, gjekk ned.

Til saman valde 24 424 norske studentar å ta heile eller ein del av utdanninga si i utlandet i fjor, og det er 48 fleire enn året før.

–  Talet på norske studentar i utlandet har auka kvart einaste år dei siste åra, men i fjor var denne auken litt mindre, seier Marianne Andreassen, administrerande direktør i Lånekassen.

16 910 studentar tok heile utdanninga si i utlandet i 2013–2014, ein auke på fire prosent frå året før. Men talet på studentar som valde å ta ein del av utdanninga si utanfor Noreg, har gått litt ned. 7 514 delstudentar vil seie 602 færre studentar enn året før, og det tilsvarer ein nedgang på 7,4 prosent.

Storbritannia mest populært

Andelen av den totale norske studentmassen som studerer i utlandet, held seg også stabil. 13,3 prosent av alle som fekk støtte frå Lånekassen til høgare utdanning forrige undervisningsår, reiste utanlands, året før gjorde 13,8 prosent det same.

– 5 524 studentar valde i fjor å ta heile eller ein del av utdanninga si i Storbritannia. USA følgjer på andreplass, men også Danmark, Australia og Polen er populære studieland, fortel Andreassen.

Økonomi, business, administrasjon og leiing er dei mest attraktive fagområda for norske gradsstudentar i utlandet, følgt av medisin og samfunnsfag.

Flest på bachelornivå

Dei fleste studentar som tek ein heil grad utlandet med støtte frå Lånekassen, studerer på bachelornivå. Medan 9 559 studerte på bachelornivå, var det 6 858 gradsstudentar på mastergradsnivå.

Talet på norske elevar i vidaregåande skole som reiser på utveksling, minka litt i 2013–2014. 2 034 elevar tok eitt år av vidaregåande skole i utlandet dette undervisningsåret, ein nedgang på 13,5 prosent.

Statistikk: Elevar og studentar i utlandet i 2013-2014.