Fem av seks studenter får fullt stipend

Sist oppdatert: 21.10.2010
Dei fleste studentar i Noreg har ei inntekt som gjer at dei får fullt stipend frå Lånekassen. Éin av seks studentar får redusert stipend på grunn av høg inntekt, formue eller trygd i 2008.

– Det er cirka like mange som får fullt stipend i år som i fjor, seier Astrid Mjærum, informasjonssjef i

Lånekassen.38 200 får kutt i stipendet.  – Vi ser ein tendens til at dei som får trekk i stipendet, har høgare inntekt og høgare formue enn tidlegare, seier Mjærum.

Alle får like mykje pengar

– Studentar veit at dei kan tene cirka 130 000 kroner utan at dei får redusert stipendet. Ønskjer ein å jobbe meir enn det beløpsgrensene opnar for, er det eit val studentane kan ta. Då vil deler av stipendet bli gjort om til lån. Dei får då like mykje pengar som andre, men må betale tilbake meir etter avslutta studietid, forklarar Mjærum. Kontrollen av likninga i år viser at:

  • 25 600 fekk redusert stipend på grunn av høg inntekt, fem prosent fleire enn i fjor. Frå 2006 er det ei auke på 15 prosent. Over 10 000 studentar har inntekt over 300 000 kroner. Høgaste inntekt hadde ei kvinne frå Nord-Noreg, ho tente 2,8 millionar kroner.
  • 5700 fekk redusert stipend på grunn av høg formue. Det er same talet som i fjor. Frå 2006 er det ei auke på 20 prosent. 1 500 har formue over 1 millionar kroner. Høgaste formue hadde ei kvinne frå Sør-Vestlandet, ho hadde ei formue på 474 millionar kroner.
  • 7 500 fekk redusert stipend på grunn av trygd. Det er 1 500 færre enn i 2007 og ei nedgang på om lag 30 prosent frå 2006.

Behovsprøvd stipend

Utdanningsstipendet blir behovsprøvd mot eiga inntekt, formue og trygd. Overstig ein beløpsgrensene, blir heile eller deler av stipendet gjort om til lån. Inntekts- og trygdegrensa var i 2008 på 122 247 kroner, og grensa for formue var på 241 840 kroner.

Lånekassen utbetalar all støtte som lån. Ved bestått eksamen blir 40 prosent, 35 000 kroner, gjort om til stipend. Ved for høg inntekt, formue eller trygd, kan stipendet bli gjort om til lån igjen. Lånekassen gjennomfører kontrollen på grunnlag av likningsopplysningar vi får frå skatteetaten.