Fastrentene på studielånet stig

Sist oppdatert: 01.10.2012
Frå 1. november går fastrentene i Lånekassen opp. Dei nye satsane, 2,379 prosent for tre år, 2,477 prosent for fem år og 3,065 prosent for ti års bindingstid, er likevel historisk sett svært låge.

Samanlikna med siste fastrenteperiode, stig satsane for tre og fem år med knappe 0,1 prosentpoeng. Ti års fastrente går opp med 0,3 prosentpoeng.

– Tre års fastrente vil framleis vere lågare enn flytande rente, som vil vere på 2,477 prosent i november og desember. Samtidig er dette dei nest lågaste fastrentesatsane gjennom tidene, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Søk om fastrente med MinID

Kundar som ønskjer å binde renta, kan gjere det i perioden 1.–12. oktober. Alle som søkjer om fastrente, må gjere det på Dine sider på lanekassen.no med innloggingstenesta MinID.
– Kundar som vurderer å søkje om fastrente, men som ikkje har MinID, bør skaffe seg det snarast, oppmodar Herstad.
179 000 av Lånekassens kundar har fast rente på studielånet sitt. 303 700 kan søkje om å binde renta denne gongen.

Studentar kan ikkje binde

Både fast og flytande rente blir fastsette seks gonger i året. Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.
Studentar som mottek støtte frå Lånekassen, kan ikkje binde renta.