Fastrentene i Lånekassen stig

Sist oppdatert: 21.04.2017
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. mars vere 2,257 prosent for tre års bindingstid, 2,511 prosent for fem år og 3,057 prosent for ti år.

Samanlikna med dagens nivå stig alle dei tre fastrentesatsane på studielånet med nesten 0,2 prosentpoeng.

– Alle fastrenter er no litt høgare enn den flytande renta, som frå 1. mars vil vere på 2,149 prosent, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Kan binde mellom 10. februar og 17. februar

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. mars, kan gjere det i perioden 10.–17. februar. Alle som skal søkje om fastrente, gjer det på lanekassen.no.

565 100 av tilbakebetalarane i Lånekassenhar flytande rente på studielånet sitt, medan 85 100 har fast rente. Men ikkje alle med flytande rente kan få fast rente:

Kundar som har igjen mindre enn tre års nedbetalingstid, som får støtte til utdanning, eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan ikkje binde renta, påpeikar Herstad.

Marknadsstyrt rente

Både fast og flytande rente blir fastsette seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på utrekningar frå Finanstilsynet. Rentene blir i dag fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden, minus eit frådrag på 0,15 prosentpoeng.

Følg renteutviklinga og les meir om fastsetjinga av renta i Lånekassen.