Fastrentene i Lånekassen stig

Sist oppdatert: 01.10.2013
Fastrentesatsane på studielånet som gjeld frå 1. november, vil vere 3,065 prosent for tre år, 3,455 prosent for fem år og 4,038 prosent for ti års bindingstid.

Tre års og ti års fastrente går opp med nesten 0,5 prosentpoeng, medan fem års fastrente stig med nesten 0,6 prosentpoeng. Flytande studielånsrente er 2,575 prosent ut året.

– Etter ein periode med svært låge fastrenter på studielånet gjekk rentene opp i september, og frå 1. november stig dei endå meir. Vi må tilbake til september–oktober 2011 for å finne fastrenter som var høgare enn dei nye satsane, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Kan søkje med BankID

Kundar som ønskjer å binde renta, kan gjere det i perioden 1.–12. oktober. Alle som skal søkje om fastrente, må gjere det på Dine sider på lanekassen.no. Dei kan blant anna logge inn med BankID.

Sju av ti har flytande rente

175 700 av Lånekassen sine kundar har fast rente på studielånet sitt, 437 200 kundar har flytande rente.

Både fast og flytande rente blir fastsette seks gonger i året. Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.

Les meir om rentesatsar og fastsetjinga av renta i Lånekassen.