Fastrentene i Lånekassen held seg historisk låge

Sist oppdatert: 21.04.2017
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. september vere 1,549 prosent for tre års bindingstid, 1,874 prosent for fem år og 2,482 prosent for ti år.

Tre og fem års fastrente forblir uendra samanlikna med dagens nivå, medan tiårsrenta går litt ned. Fastrentene som gjeld frå 1. september, er alle rekordlåge. Flytande studielånsrente frå 1. september er på 1,756 prosent, også den er historisk låg.

– Tre års fastrente vil framleis vere lågare enn den flytande renta, medan fem- og tiårsrenta frå 1. september er høgare enn den flytande, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Kan binde i perioden 10.–17. august

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. september, kan gjere det i perioden 10.–17. august. Alle som skal søkje om fastrente, gjer det på lanekassen.no.

479 300 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 146 200 har fast rente. Men ikkje alle som har flytande rente, kan binde renta:

–  Kundar som for eksempel har mindre enn tre år igjen av nedbetalingstida, som får støtte til utdanning, eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan ikkje binde renta, påpeikar Herstad.

Marknadsstyrt rente

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på utrekningar frå Finanstilsynet. Både fast og flytande rente blir fastsette seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.