Færre studentar dreg ut i verda

Sist oppdatert: 13.09.2019
Ferske tal frå Lånekassen viser at talet på studentar som tar steget ut i verda, går noko ned. 24 083 studentar tok heile eller delar av utdanninga si i utlandet førre studieår. Det er 864 færre enn året før.

24 083 studentar fekk støtte frå Lånekassen til å studere utanfor Noregs grenser i fjor, mot 24 947 året før.

– Etter å ha sett ei jamn stigning i talet på norske studentar i utlandet over fleire år, ser vi no ein nedgang. For gradsstudiar er det fjerde året talet går ned, medan det for delstudiar har vore ganske stabilt fram til det siste året, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.
Av alle som fekk støtte frå Lånekassen til høgare utdanning i 2018–2019, fekk 12,1 prosent støtte til utdanning i utlandet. Det er ein liten nedgang frå året før, då delen var 12,6 prosent. 
– Stort læringsutbytte ved å studere utanlands
15 941 studentar fekk støtte frå Lånekassen til å ta ein heil grad i utlandet i fjor, medan 8 142 tok, via sin norske lærestad, delar av utdanninga si utanlands. Dette er ein nedgang på høvesvis 694 og 170 studentar frå året før. 
– Vi oppfordrar studentane til å orientere seg bredt. Det er mange spennande land å studere i, og det er mogleg å få støtte til å lære seg språket før du startar på sjølve utdanninga. Eit utvekslingsopphald som ein del av ein norsk grad kan vere eit godt alternativ til å ta heile  graden sin ute. Læringsutbyttet ved eit studieopphald i utlandet vil uansett vere stort, seier Funnemark. 
Regjeringa ønskjer at fleire skal ut
Iselin Nybø (V), forskings- og høgare utdanningsminister, er oppteken av at fleire skal få internasjonal erfaring. 
– Vi ønskjer at fleire studentar skal dra på utveksling i løpet av studiet. Med polarisering og proteksjonisme på frammarsj så er det viktigare enn nokon gang at unge menneske dreg ut og blir kjend med nye kulturar, nye språk og nye menneske. Vi har også ein av dei beste studiefinansieringane i verda, seier Nybø.
Regjeringa jobbar derfor no med ei stortingsmelding om studentmobilitet, som kjem på nyåret. 
– Målet er at det blir ei kulturendring ved universitet og høgskolar. Dei må gjere det enklare for studentane å reise på utveksling, og tilsette og leiinga må snakke varmt om utanlandsopphald. Vi ser også på kva vi som myndigheiter kan bidra med for å leggje enda betre til rette, seier Nybø. 
Storbritannia framleis mest populært
Storbritannia held stand som det klart mest populære landet å reise til for norske studentar. 
4 059 studentar fekk støtte til ei hel utdanning (gradsstudium) der i undervisningsåret 2018–2019. Det er likevel det landet som har størst nedgang i talet på studentar. 268 færre nordmenn tok gradsstudiar i Storbritannia i fjor samanlikna med året før. 
Andre populære land for gradsstudentar er Danmark, USA, Polen og Ungarn. 
Australia er det mest populære landet for kortare studieopphald (delstudium). 1 184 studentar tok eit delstudium der, og det er fleire enn året før. USA og Storbritannia er også populære land, men hit var det færre som reiste det siste året. 
Medisin det mest populære faget
Det mest populære gradsstudiet å ta i utlandet, er medisin. 3 097 norske studentar fekk i fjor støtte til gradsstudium i medisin. På dei to neste plassane kjem økonomisk-administrative fag med 3 066 og samfunnsfag med 1 312 studentar.
Andre populære fag er psykologi, ingeniørfag, kunstfag og veterinærmedisin.
Fleire kvinner enn menn dreg ut
Av alle som tok eit gradsstudium i utlandet i fjor, var 61 prosent kvinner og 39 prosent menn. Kjønnsfordelinga er svært ulik for dei enkelte faga. Kvinnedelen er høgast på veterinærmedisin (90 prosent) og lågast på IT-fag (29 prosent).
For alle tal om utdanning i utlandet, sjå data.lanekassen.no
Les meir om støtte til studiar i utlandet på lanekassen.no

– Etter å ha sett ei jamn stigning i talet på norske studentar i utlandet over fleire år, ser vi no ein nedgang. For gradsstudiar er det fjerde året talet går ned, medan det for delstudiar har vore ganske stabilt fram til det siste året, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.

Av alle som fekk støtte frå Lånekassen til høgare utdanning i 2018–2019, fekk 12,1 prosent støtte til utdanning i utlandet. Det er ein liten nedgang frå året før, då delen var 12,6 prosent. 

– Stort læringsutbytte ved å studere utanlands

15 941 studentar fekk støtte frå Lånekassen til å ta ein heil grad i utlandet i fjor, medan 8 142 tok, via sin norske lærestad, delar av utdanninga si utanlands. Dette er ein nedgang på høvesvis 694 og 170 studentar frå året før. 

– Vi oppfordrar studentane til å orientere seg bredt. Det er mange spennande land å studere i, og det er mogleg å få støtte til å lære seg språket før du startar på sjølve utdanninga. Eit utvekslingsopphald som ein del av ein norsk grad kan vere eit godt alternativ til å ta heile graden sin ute. Læringsutbyttet ved eit studieopphald i utlandet vil uansett vere stort, seier Funnemark.

Regjeringa ønskjer at fleire skal ut

Iselin Nybø (V), forskings- og høgare utdanningsminister, er oppteken av at fleire skal få internasjonal erfaring. 

– Vi ønskjer at fleire studentar skal dra på utveksling i løpet av studiet. Med polarisering og proteksjonisme på frammarsj så er det viktigare enn nokon gang at unge menneske dreg ut og blir kjend med nye kulturar, nye språk og nye menneske. Vi har også ein av dei beste studiefinansieringane i verda, seier Nybø.

Regjeringa jobbar derfor no med ei stortingsmelding om studentmobilitet, som kjem på nyåret. 

– Målet er at det blir ei kulturendring ved universitet og høgskolar. Dei må gjere det enklare for studentane å reise på utveksling, og tilsette og leiinga må snakke varmt om utanlandsopphald. Vi ser også på kva vi som myndigheiter kan bidra med for å leggje enda betre til rette, seier Nybø. 

Storbritannia framleis mest populært

Storbritannia held stand som det klart mest populære landet å reise til for norske studentar. 4 059 studentar fekk støtte til ei hel utdanning (gradsstudium) der i undervisningsåret 2018–2019. Det er likevel det landet som har størst nedgang i talet på studentar. 268 færre nordmenn tok gradsstudiar i Storbritannia i fjor samanlikna med året før. 