Færre saker til inkasso

Sist oppdatert: 21.10.2010

Finanskrisa gjorde det vanskelegare for folk å gjere opp gjelda si, og førte mange ut i eit økonomisk uføre.Men når det gjeld studielånet, ser det ut til at dei økonomiske nedgangstidene har hatt liten innvirknad på betalingsevna. Dei siste åra har det tvert imot vore ein nedgang i talet på kundar som er  overførte til inkasso.

– Vi har sett nærmare på fleire forhold knytt til betalingsevna, og tendensen på landsbasis er klar: Folk er ikkje dårlegare til å gjere opp for studiegjelda si no enn før finanskrisa sette inn, seier Astrid Mjærum, informasjonssjef i Lånekassen.

I motsetnad til den overordna tendensen i samfunnet når det gjeld betaling av gjeld, har kundane i Lånekassen blitt flinkare til å betale i tide dei siste åra.

– Spesielt gledeleg er det at talet på  kundar som får saka si permanent overført til inkasso, også har minka dei siste åra, seier Mjærum.

Kari og Ola Nordmann betaler studiegjelda si

Årleg ser vi at det er 15. februar-terminen det blir sendt ut flest purringar for, men andelen purringar gjennom heile året har gått litt ned sidan 2007. Både andelen kundar som får varsel om oppseiing, og andelen kundar som får betalingsutsetjing, har halde seg stabil dei siste åra, men gjekk litt ned frå 2008 til 2009.

– Når det gjeld betaIingsutsetjing, har kundeandelen som får dette, vore stabil dei siste åra, men andelen gjekk litt ned i fjor. Også talet på og andelen kundar som får rentefritak, har vore stabil dei siste åra, fortel Mjærum.

Talet på og andelen kundar som får saka si mellombels overført til Statens innkrevjingssentral, har vore stabil dei siste åra, men har gått vesentleg ned dei siste ti åra. Ved årsskiftet 2000 var nesten ti prosent av tilbakebetalarane i Lånekassen under oppfølging frå inkasso, medan denne andelen hadde minka til 6,3 prosent ved årsskiftet 2009.

Regionale skilnader

Sjølv om 2009 peikar seg ut som eit normalt år for Lånekassen sine tilbakebetalarar på landsbasis, står somme fylke fram med større betalingsevne  enn andre. Oslo, Akershus, Rogaland og Sogn og Fjordane peikar seg ut som dei beste studiegjeldbetalarane i 2009. Østfold, Hedmark, Oppland, Nord-Trøndelag, Telemark, Vestfold, Vest-Agder, Nordland, Troms og Finnmark kjem dårlegast ut.

– Både når det gjeld forhold som betalingsutsetjing, rentefritak og purring, og alvorlege forhold som varsel om oppseiing og overføring til inkasso, er det eit tydeleg skilje mellom fylka, presiserer Mjærum.

Buskerud, Aust-Agder, Hordaland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag hamnar midt på treet når det gjeld evna til å gjere opp studiegjelda si.