Færre nordmenn studerer i utlandet

Sist oppdatert: 31.08.2017
Færre norske studentar reiser no utanlands for å studere. Storbritannia, USA og Danmark har størst nedgang.

Det totale talet på nordmenn som studerer i utlandet, har lenge auka for kvart år, men no viser ferske tal frå Lånekassen ein nedgang. Totalt 24 807 norske studentar fekk støtte frå Lånekassen til å studere i utlandet forrige undervisningsår, noko som er 566 færre enn året før.

Markant nedgang

– I fjor var det nedgang både i talet på studentar som tok ein heil grad, og talet på studentar som tok ein del av utdanninga si i utlandet, seier administrerande direktør i Lånekassen, Marianne Andreassen.

16 957 norske studentar tok heile utdanninga i utlandet i 2016–2017, ein nedgang på 511 frå året før. 7 850 studentar tok ein del av utdanninga i utlandet, noko som er 55 færre enn i 2015–2016.

– Nedgangen i talet på gradsstudentar er særleg markant, og ikkje i tråd med målet om å få fleire nordmenn til å studere i utlandet, understrekar Andreassen.

Storbritannia, USA og Danmark mest tilbake

5 055 studentar tok i fjor heile eller ein del av utdanninga si i Storbritannia, noko som er 510 færre enn året før. 3 007 studentar valde USA, ein nedgang på 406 studentar, medan Danmark med 2 820 hadde ein nedgang på 210 norske studentar.

Andelen studentar med støtte frå Lånekassen som vel å studere i utlandet, var i fjor på 12,6 prosent av den totale studentmassen i høgare utdanning, medan den året før var på 13,2 prosent.

Tilleggslån til skolepengar

– Høge skolepengar har vore eit hinder, men frå og med i år kan utlandsstudentar få låne inntil 100 000 kroner ekstra, dersom dei studerer ved eit universitet med høge skolepengar, påpeikar Andreassen.

Heile dette tilleggslånet er eit lån som ikkje kan bli gjort om til stipend.

– Tilleggslånet er eit positivt tiltak, men vi ser at den totale lånebyrda for utlandsstudentane er stadig aukande. Vi oppfordrar studentar til å orientere seg godt i jungelen av studietilbod i utlandet før dei vel utdanning – det er ikkje alltid pris heng saman med kvalitet, påpeikar Andreassen.

Statistikk om utdanningsstøtte til norske studenter og elever i utlandet 2016–2017 [pdf]