Få studielånet raskare med elektronisk signering

Sist oppdatert: 03.06.2013
Studentar som har sikra seg studieplass til hausten, kan no søkje om stipend og lån i Lånekassen. Vel du elektronisk signering, blir søknadsprosessen enklare og raskare.

Nytt av året er at studielånet kan signerast med BankID eller Buypass direkte frå Dine sider på lanekassen.no.

– Kundane kan no bruke kodebrikke eller kodekort på same måte som i nettbanken når dei skal signere, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Vel elektronisk signering

Lånekassen oppmodar alle studentar til å krysse av for elektronisk kommunikasjon og velje elektronisk signering når dei får spørsmål om dette i nettsøknaden.

– Studentane set pris på at Lånekassen fornyar og forbetrar seg. Med digital signering vil utbetalingsprosessen bli enklare og raskare, og eg er sikker på at dette vil bli opplevd som positivt og tidsriktig for studentane, seier André A.Christiansen, nestleiar i Norsk studentorganisasjon (NSO).

– For utanlandsstudentane vil enklare elektronisk signering, slik BankID tilbyr, fjerne problem som geografisk avstand elles kan by på, seier Henriette N. Thommessen, president i ANSA.

Slepp å sende brev

– Studentar som vel å signere avtalen om støtte elektronisk, slepp å vente på at brevet skal komme i posten og å sende brevet tilbake i posten, påpeikar Herstad.

Sidan 2006 er nær 11 millionar brev blitt lagde ut på Dine sider, og vel 5,2 millionar av desse har erstatta papirbrev. Dette har gitt rundt 23 millionar kroner i reduserte portoutgifter for Lånekassen.

Vinn reisegåvekort

Studentar med rett til støtte som kryssar av for elektronisk signering i søknaden, er med i trekninga av reisegåvekort på 9 999 kroner. Studentane kan søkje om støtte så snart dei har fått opptak til ei utdanning. Søkjaren må vere 18 år for å kunne velje e-signering.

Søknadsfristen for støtte frå Lånekassen er 15. november for hausten og 15. mars for våren.

Fakta:

  • 380 700 studentar, elevar og lærlingar søkte om og fekk støtte i undervisningsåret 2011-2012. 170 900 av desse var studentar i høgare utdanning.
  • Fulltidsstudentar i høgare utdanning får 94 400 kroner i basisstøtte neste undervisningsår. Støtta blir utbetalt som lån, men dei som bur borte, får inntil 40 prosent av beløpet gjort om til utdanningsstipend etter bestått eksamen.