Endringar i forskrifta for tilbakebetaling av studielån

Sist oppdatert: 11.01.2011
Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrifter for tilbakebetaling av studielån i 2011. Her er dei viktigaste forskjellane i forhold til forskrifta som gjaldt i fjor.

Inntektsgrenser justerte

Inntektsgrenser, satsar og liknande er justerte, slik dei vanlegvis blir kvart år.

Rentetap eller rentegevinst når ny støtte blir tildelt

Fram til no har ikkje Lånekassen rekna rentetap eller rentegevinst for låntakarar som avsluttar fastrenteavtalen sin fordi dei begynner i fulltids- eller deltidsutdanning i avtaleperioden og får nytt lån og/eller stipend. Dette er no endra. Frå og med 2011 vil Lånekassen rekne rentetap og rentegevinst også for denne gruppa. Det blir rekna rentetap eller rentegevinst som om heile gjelda var blitt innfridd. Departementet grunngir endringa med at det bør vere like reglar for renterekning same kva som er årsaka til at fastrenteavtalen blir avslutta.

Endringa vil gjelde for låntakarar som søkjer om støtte frå og med 1.1.2011. Dersom du har ein fastrenteavtale no og har tenkt å søkje om støtte til ny utdanning, kan dette få konsekvensar, sidan fastrenteavtalen blir avslutta dersom du får ny støtte. Dersom Lånekassen taper på at du avsluttar avtalen før bindingstida er slutt, blir rentetapet lagt til gjelda din. Les meir om kostnader ved å avslutte ein fastrenteavtale.

Rentesrente

 Renter som ikkje er betalte, skal no setjast renteberande fire gonger i året i staden for to. Det fører med seg at kapitalisering av renter blir tilpassa dei fire forfalla som Lånekassen har i året. Dette har berre noko å seie for låntakarar som har ubetalte renter på det tidspunktet kapitaliseringa skjer (15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november).