Den faste renta på studielånet går ned igjen

Sist oppdatert: 29.06.2015
Frå nyttår vil fastrentesatsane i Lånekassen gå ned til 3,260 prosent for tre år og 3,552 prosent for fem år, medan tiårsrenta blir ståande på 4,232 prosent.

Den flytande renta på studielånet blir på 3,260 prosent ut februar 2011, og vil dermed tilsvare den faste treårsrenta. Femårsrenta er tilbake på same rekordlåge nivå som i juli.

Kan avslutte fastrenteavtalar

Kundane i Lånekassen kan anten inngå nye eller avslutte gamle fastrenteavtalar i perioden 1.-12. desember.

Nærmare 477 000 av kundane i Lånekassen har i dag flytande rente, medan om lag 80 000 har fast rente.

– I søkjeperioden for å inngå fastrenteavtalar har kundane også høve til å avslutte fastrenteavtaler dei har inngått tidlegare, opplyser Astrid Bugge Mjærum, informasjonsdirektør i Lånekassen.

Etter å ha avslutta ein avtale må kunden vente i to månader med å få ein ny fastrenteavtale, men han kan søkje om ein ny fastrenteavtale i karensperioden.

Nye rentesatsar annankvar månad

Både den flytande og den faste renta på studielånet blir no fastsett seks gonger i året. Flytande rente som gjeld frå 1. mars, vil bli fastsett i byrjinga av januar, medan fast rente som gjeld frå 1. mars, vil bli offentleggjord i byrjinga av februar.

Lånekassekundane kan søkje om fast rente eller avslutte tidlegare fastrenteavtalar på Dine sider.