Svindlar Lånekassen for millionar

Sist oppdatert: 23.08.2011
Resultatet av bukontrollen i Lånekassen viser at cirka fem prosent av dei kontrollerte har svindla til seg pengar dei ikkje har rett til. Studentar som blir tekne for svindel, får strenge reaksjonar.

Berre studentar som bur borte, har rett til å få gjort om lån til stipend etter bestått eksamen.

– Studentar som bur saman med foreldra sine, men som opplyser til Lånekassen at dei bur borte, juksar til seg pengar frå fellesskapet som dei ikkje har rett til, seier Liv Simonsen, fagdirektør i Lånekassen.

Strenge reaksjonar og ny kontroll 

Lånekassen sine reaksjonar på misleghald er strenge. Studentar som har svindla til seg stipend dei ikkje har rett til, må betale pengane tilbake. I tillegg får dei andre reaksjonar.

– Å gi urette opplysningar om bustad er svært alvorleg. Studentane mister retten til støtte i like mange semester som dei har gitt urette opplysningar, og kan i verste fall miste retten til studiestøtte for alltid. Det kan igjen bety at dei aldri får gjennomført den utdanninga dei hadde planlagt, påpeikar Simonsen, som varslar ny bukontroll allereie i løpet av dette studieåret.

I verste fall 96 millionar

Då bukontrollen blei gjennomført, hadde 54 000 studentar som studerer i nærleiken av foreldreheimen, oppgitt at dei bur borte.

– Dersom fem prosent av desse studentane har oppgitt falsk adresse for å få stipend, medan dei eigentleg bur heime hos foreldra sine, vil det seie at Lånekassen i verste fall kan ha blitt svindla for opptil 96 millionar kroner i fjor, fortel Simonsen.

Tips frå ærlege studentar

Lånekassen får stadig inn tips frå ærlege studentar som irriterer seg over at somme juksar til seg pengar.

– Pengane frå Lånekassen skal gå til studentar som har rett til støtte. I tillegg til å sjekke alle tips vi får inn, vil Lånekassen i tida framover gjennomføre fleire større bukontrollar, seier Simonsen.

Fakta:

  • 1 000 studentar frå lærestader over heile landet blei i vår bedne om å sende inn kopi av leigekontrakt eller stadfesting på at dei eig leilegheita dei bur i. Rundt 50 studentar har ikkje kunna dokumentere at dei har budd borte.
  • Rundt 54 000 studentar studerte i 2010–2011 i nærleiken av foreldreheimen. Fullt utdanningsstipend var i fjor på 35 600 kroner. Dersom fem prosent av dei 54 000 (2 700 personar) gav Lånekassen falske opplysningar for å få stipend, vil det seie at Lånekassen i verste fall kan ha blitt svindla for 96 millionar kroner i fjor.
  • 185 000 studentar fekk støtte frå Lånekassen til utdanning i Noreg i 2010–2011. 13 000 opplyste at dei budde saman med foreldra, 172 000 registrerte seg som bortebuarar.
  • Lånekassen delte ut i alt 20,5 milliardar kroner i støtte i 2010–2011. Av dette beløpet blei om lag 18 milliardar kroner delt ut til studentar i høgare utdanning.
  • I 2011–2012 får alle fulltidsstudentar i høgare utdanning 90 800 kroner. All støtte blir utbetalt som lån, men dei som bur borte, får inntil 40 prosent av lånet gjort om til utdanningsstipend etter bestått eksamen.