Stina valde eFaktura og vann ny mini-PC!

Sist oppdatert: 20.05.2011
– Midt i blinken! Datamaskina mi er absolutt klar for utskifting så denne premien er perfekt, fortel ei glad Stina Oseland frå Bergen. Ho vann eFaktura-konkurransen som Lånekassen og Nets køyrde i januar til mars, for å premiere kundar som valde å få eFaktura.

Stina blei ferdig med masterstudiet i geografi i juni 2010, og har nett begynt å betale tilbake på studielånet. Som elektronisk kunde i Lånekassen får ho beskjed på e-post eller SMS når det ligg brev til henne på Dine sider.– Eg var i Thailand då eg fekk SMS frå Lånekassen om at det var eit brev til meg på Dine sider. Der låg nedbetalingsplanen som viser at eg skal betale fram til 2030. Litt av eit brev å opne på ferie i Thailand, ler Stina.

Til dagleg jobbar ho som vitskapleg assistent ved institutt for geografi ved Universitetet i Bergen, i tillegg til at ho jobbar for Naturvernforbundet i Hordaland. Jobbane er ulike, men spennande; på universitetet jobbar ho som forskar og undervisningsassistent, medan ho i Naturvernforbundet er tilsett i klimaprosjektet oljefri.no. Ho får med andre ord brukt mykje av det ho har lært under utdanninga.

Vel alltid eFaktura

– Eg er bevisst på å velje eFaktura når eg får rekningar. Det er veldig greitt å få e-post med beskjed om at fakturaen ligg i nettbanken, og så berre gå inn og aktivere den. Det er kjekt å vite at det går automatisk når eg har aktivert den.

Om eFaktura

Får du rekninga på eFaktura, slepp du gebyret på 35 kroner kvar gong. Om lag halvparten (ca. 250 000) av alle som betaler studielånet, får rekninga på eFaktura.

Fordelar

  • Rekninga blir send rett til nettbanken din. Du må berre godkjenne betalinga før forfallsdato
  • Du sparer miljøet ved å unngå å frakte papirrekninga til postkassen din
  • Alle rekningane er samla på ein stad
  • Du får varsling frå banken når eFakturaen kjem

Les meir om eFaktura

Slik får du eFaktura

  1. Sei ja takk til eFaktura i nettbanken din når du betaler studielånet, eller gå til nettbanken og registrer ein eFaktura-avtale no.
  2. Du oppgir kundenummeret ditt i Lånekassen som eFaktura-referanse.
  3. Når du får eFakturaen i nettbanken, treng du berre å godkjenne betalinga før forfallsdato. 

Vil du betale studielånet ein gong i månaden?

Du har kanskje tenkt å dele opp beløpet og betale studielånet kvar månad? Du kan godt gjere det, sjølv om du vel eFaktura. Her finn du oppskrifta på korleis du betaler månadleg.

Ny konkurranse er i gang!

Fram til og med 30. juni har Lånekassen og Nets ein ny konkurranse der du kan vinne ein mini-PC!