Statsministeren: – Lånekassen er i front

Sist oppdatert: 12.04.2012
Statsministeren lovpriste Lånekassen for å ha komme langt i arbeidet med digitale tenester. – No skal digitale løysingar bli standarden for heile forvaltninga, sa statsminister Jens Stoltenberg då han var på snarvisitt i Lånekassen.

Onsdag 12. april la fornyings- og administrasjonsminister Rigmor Aasrud og statsministeren fram regjeringa sitt digitaliseringsprogram. Lånekassen blei løfta fram som eksempel som ein dyktig tilbydar av gode digitale løysingar i offentleg sektor.

Systematisk arbeid for digitalt førsteval

Med ”Digitalt førsteval” som strategi går Lånekassen i front i staten for å gi kundane god sørvis gjennom sjølvbeteningsløysingar, automatistert saksbehandling og datautveksling mellom etatar. I tillegg sparer staten pengar. For eksempel er saksbehandlingstida halvert fordi svært mange saker blir behandla heilt automatisk (60 prosent av alle søknader om stipend og lån).

3,75 millionar færre papirbrev sende ut

Ein viktig del av regjeringa sitt digitaliseringsprogram er at alle innbyggjarar skal få sin eigen digitale postkasse. Inntil den er klar til bruk, skal kundane i Lånekassen  framleis bruke den digitale postkassen sin på Dine sider.

Sidan 2006, då Lånekassen opna digital postkasse for kundane, har 3,75 millionar papirbrev blitt erstatta av digitale brev. Berre i 2011 blei ein million digitale brev sende ut i staden for papirbrev

Lånekassen jobbar heile tida med å forbetre dei digitale løysingane og å utvikle nye løysingar som skal gjere dialogen med kundane enda meir effektiv.