Stabilt låg studielånsrente ut året

Sist oppdatert: 31.08.2011
Den flytande renta i Lånekassen vil vere på 3,260 prosent ut året.

– Den flytande renta på studielånet har halde seg stabilt låg det siste året, seier informasjonsdirektør i Lånekassen, Astrid Bugge Mjærum.

Ny fast rente frå 1. november

Dei faste rentesatsane som vil gjelde frå 1. november, blir offentleggjorde i månadsskiftet september–oktober. Kundar som ønskjer å binde studielånsrenta for tre, fem eller ti år, vil kunne gjere det i perioden 1. –12. oktober. Dei som vil bryte ein fastrenteavtale, kan også gjere det i denne perioden.

Blir fastsett seks gonger i året

Både den faste og den flytande renta blir fastsette seks gonger i året. Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande.

80 000 av Lånekassen sine kundar har valt å binde renta, medan 465 000 har flytande rente.