Siste frist for å søkje om stipend og lån var 15. november

Sist oppdatert: 07.11.2011
Alle som skal søkje om stipend og lån frå Lånekassen for hausten 2011, måtte søkje innan 15. november. Dette gjeld både elevar i vidaregåande og studentar i all anna utdanning.

Elevar med rett til vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend, men dei må sjølve søkje for å få pengane. Beløpet ligg mellom 890 kroner og 2 860 kroner for heile skoleåret, avhengig av utdanningsprogram.

Gjekk glipp av gratis pengar

I fjor gjekk cirka 13 000 av 174 800 elevar glipp av utstyrsstipendet. Kvifor så mange anten ikkje søkjer eller hentar ut pengane, har ikkje Lånekassen noko svar på.

– Somme synest nok kanskje beløpet er lite, og tek seg derfor ikkje bryet med å søkje. Det er utvilsamt god timebetaling å fylle ut ein søknad til Lånekassen, seier fungerande informasjonsdirektør i Lånekassen, Solbjørg Sørensen.

Lånekassen sjekkar automatisk om dei som søkjer om utstyrsstipend, også har rett til andre stipend.

Alle må søkje med MinID

For å kunne logge inn på søknaden på Lånekassen sine nettsider treng ein MinID.

– Elevar og studentar som treng nytt passord til MinID, bør bestille nye PIN-kodar frå skatteetaten no, slik at dei rekk søknadsfristen, seier Sørensen.

15. november er også fristen for å melde frå om endringar, som for eksempel at ein har flytta på hybel i løpet av hausten.

Studentar i høgare utdanning kan få 90 800 kroner i stipend og lån for dette undervisningsåret. Bortebuarar får 36 320 kroner av beløpet gjort om til stipend etter bestått eksamen.