Rekordmange studerte utenlands i fjor

Sist oppdatert: 01.09.2011
Norske studentar reiser utanlands som aldri før. I fjor valde 21 811 nordmenn å studere i utlandet. Stadig fleire vel USA som studieland.

 Medan talet på norske studentar i utlandet gjekk ned frå midten av 2000-talet, har det vore ein stabil  vekst dei siste åra.14 154 studentar valde å ta heile utdanninga si i utlandet i fjor, ni prosent fleire enn året før.7 657 tok delar av utdanninga si ute, det er ein  vekst på seks prosent.

– Vi ser at trenden vi har sett dei siste åra  held fram, og at stadig fleire nordmenn vel å studere i utlandet, seier Mette Bakke, seniorrådgivar ved utlandskontoret i Lånekassen.

Prosentddelen av norske studentar i utlandet held seg stabil.13 prosent av alle som fekk støttefrå Lånekassen til høgare utdanning i fjor, valde å studere i utlandet, omtrent like stor   del som året før.

USA aukar mest

Tal for  forrige studieår viser at Storbritannia held stand som det mest populære landet å reise til, 4148 norske studentar valde å ta heile eller delar av utdanninga si der. Danmark følgjer som før på andreplass,  medan USA har gått forbi Australia som det tredje mest populære studielandet.

– Det var  over 20 prosent fleire som valde å studere i USA i fjor enn året før, seier Bakke.

Økonomi og medisin mest populært

Austeuropeiske land som Polen, Ungarn, Slovakia  og Tsjekkia har samla sett ein stor del av dei norske studentane, og dei fleste  studerer medisin.

Økonomi og administrasjon er det mest attraktive fagområdet for norske studentar i utlandet, 3968 valde dette. Medisin, samfunnsfag, humanistiske fag og teknologi-/arkitektfag er også populære.

Dei fleste tek bachelorgraden

Dei fleste som reiser ut i studietida, tek ein del av eller heile bachelorgraden sin ute.  Medan 13 340 tok bachelor i utlandet i fjor, var det 8 300 på mastergradsnivå. Talet på elevar i vidaregåande skole som tek eit utvekslingsår,  held fram med  å auke. I 2010–2011 reiste 1 934 norske utvekslingselevar til utlandet.