Rekordlåg fast rente i Lånekassen

Sist oppdatert: 29.06.2015
Frå 1. oktober er det mogeleg å binde studielånet til ein rentesats som er lågare enn den flytande renta. Dette er tidenes lågaste fastrentesatsar i Lånekassen.

Fastrentesatsane vil vere på 2,673 prosent for tre år, 2,869 prosent for fem år og 3,357 prosent for ti års bindingstid. Den flytande renta på studielånet vil vere på 3,260 prosent ut året.

– For første gong i historia kan ein binde studielånet til renter på under tre prosent for tre år og fem år. Samtidig er tiårsrenta på nivå med den flytande renta, seier fungerande informasjonsdirektør i Lånekassen, Solbjørg Sørensen.

Dei nye fastrentesatsane gjeld frå 1. november. Siste frist for å binde renta er 12. oktober.

Går mykje ned 

Rundt 350 000 lånekassekundar har no sjanse til å binde renta på studielånet.

Satsane for fast rente over tre år  og fem år  går ned med nærmare 0,8 prosentpoeng samanlikna med dagens  satsar, mens tiårsrenta går ned med nesten 0,9 prosentpoeng.

Nye rentesatsar annankvar månad 

Både den flytande og den faste renta på studielånet blir fastsett seks gonger i året. Flytande rente som gjeld frå 1. januar 2012, blir fastsett 1. november.