Nye rekordrenter på studielånet

Sist oppdatert: 29.06.2015
Frå 1. februar kan kundane i Lånekassen binde renta til satsar som er enda lågare enn rekordtilbodet i oktober i fjor. Dei nye fastrentesatsane på 2,379 prosent for tre år, 2,575 prosent for fem år og 3,162 prosent for ti års bindingstid.

Både tre- og femårsrenta er dermed lågare enn den flytande renta, som frå mars vil vere på 2,967 prosent. Samanlikna med Lånekassen sine forrige rekordrenter, i oktober, går tre- og femårsrentene ned med 0,3 prosentpoeng, medan tiårsrenta går ned med nærmare 0,2 prosentpoeng.

– Studielånsrenta er marknadsstyrt og basert på gjennomsnittsrenta på ulike statspapir. Fordi økonomien i Noreg er god for tida, er renta på desse papira låg. Fordi Noreg er så kredittverdig, kan staten låne pengar til ei låg rente. Dette nyter kundane våre godt av, seier fungerande informasjonsdirektør i Lånekassen, Solbjørg Sørensen.

Studentar kan ikkje binde

I oktober slo 105 000 låntakarar til på Lånekassen sitt fastrentetilbod. Frå 1. til 12. februar har nærmare 280 000 kundar sjansen til å binde renta. I same perioden kan ein også avslutte tidlegare inngåtte fastrenteavtalar.
– Studentar som får støtte frå Lånekassen, kan ikkje søkje om fastrente, påpeikar Sørensen.

Søk om fastrente med MinID

Lånekassekundar kan søkje om fastrente på Dine sider på lanekassen.no. Dei må logge seg inn med MinID.

– Kundar som vurderer å søkje om fastrente, bør skaffe seg MinID snarast. MinID er innlogginga mange kjenner frå levering av sjølvmeldinga og adresseendring til folkeregisteret, opplyser Sørensen.

  • 168 000 kundar har fast rente.
  • 393 000 kundar har flytande rente – av desse har 279 000 høve til å binde renta.

Fastrenta som gjeld frå 1. mai, blir offentleggjord i byrjinga av april.