Ny flytande studielånsrente: 2,575 %

Sist oppdatert: 01.03.2012
Studielånsrenta går framleis ned. Frå 1. mai vil den flytande renta i Lånekassen vere 2,575 prosent, som er det same som dagens fastrente over fem år.

Den flytande renta går ned frå 2,967 prosent til 2,575 prosent. Samtidig er fastrentene i Lånekassen rekordlåge. Tre års fastrente er no 2,379 prosent, fem års fastrente 2,575 prosent og ti års fastrente 3,162 prosent.

– Vi må tilbake til 1. kvartal i 2010 for å finne ei så låg flytande rente. Då var renta 2,5 prosent, som er den lågaste flytande renta vi nokon gong har hatt, seier Solbjørg Sørensen, fungerande informasjonsdirektør i Lånekassen. 

20 000 batt i februar

Frå 1. til 12. februar kunne nærmare 280 000 kundar binde renta, 20 000 slo til på rekordtilbodet. Om lag 12 000 av dei valde fastrente i fem år. 

Både den faste og den flytande renta blir fastsett seks gonger i året. Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente. 188 000 av  kundane i Lånekassen har fast rente, 369 000 har flytande.

Neste frist for å binde renta: 1.–12. april

Nye rentesatsar som gjeld frå 1. mai, blir offentleggjorde i byrjinga av april. Kundar som ønskjer å binde studielånsrenta for tre, fem eller ti år, kan gjere det i perioden 1.–12. april. Dei som vil avbryte ein fastrenteavtale, kan også gjere det i denne perioden.

Kundane søkjer om fastrente på Dine sider. Dei loggar inn med MinID, ei felles innlogging til offentlege tenester, mellom anna innlevering av sjølvmeldinga.  

– Vi rår kundar som vurderer å søkje om fastrente, til å skaffe seg det dei treng for å logge inn med MinID, seier Solbjørg Sørensen.  

Følg renteutviklinga i Lånekassen