No kan studentar søkje om stipend og lån for neste studieår

Sist oppdatert: 29.06.2015
Studentar som har sikra seg studieplass til hausten, kan allereie no søkje Lånekassen om stipend og lån. Det lønner seg å søkje tidleg.

– Vi oppmodar alle som har fått studieplass, til å søkje så tidleg som råd. Studentar som søkjer før sommaren, vil få pengane til studiestart, dersom alle forhold rundt søknaden er i orden, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Søk tidleg-konkurranse

– Alle studentar med rett til støtte som søkjer innan 15. juni, er dessutan med i trekninga av fem nettbrett, fortel Herstad.

Ein kan søkje om støtte så snart ein har fått opptak til ei utdanning. Studentar som får svar frå Samordna opptak i juli, og elevar i vidaregåande opplæring, kan ikkje delta i søk tidleg-konkurransen.

Søk elektronisk

Studentar som skal søkje om støtte frå Lånekassen, må gjere det elektronisk.

– Alle søkjer om stipend og lån på Dine sider. Dei loggar inn med MinID, som er innlogginga mange kjenner frå blant anna levering av sjølvmeldinga og adresseendring til folkeregisteret, seier Herstad.

Søknadsfristen  er 15. november for hausten og 15. mars for våren.

Fakta:

  • Til saman har 396 500 kundar søkt om støtte frå Lånekassen til utdanning i 2011–2012, og 380 500 har fått støtte.170 800 av dei som har fått støtte, er studentar i høgare utdanning.
  • Lånekassen har delt ut om lag 21,7 milliardar kroner i lån og stipend i 2011–2012.
  • Fulltidsstudentar i høgare utdanning får 92 500 kroner i basisstøtte neste undervisningsår. Støtta blir utbetalt som lån, men dei som bur borte, får inntil 40 prosent av beløpet gjort om til utdanningsstipend etter bestått eksamen.