No kan studentar og elevar få gradert sjukestipend

Sist oppdatert: 28.11.2011
I kjølvatnet av terrorhandlingane den 22. juli har Kunnskapsdepartementet bestemt at det skal innførast ei mellombels ordning med gradert sjukestipend for 2011-2012. Ordninga gjeld alle studentar.

Innføringa av gradert sjukestipend skal hjelpe til at overlevande og andre som er påverka av hendingane 22. juli, kan oppretthalde eit normalt tilvære og delta i opplæring og utdanning i så stor grad som råd. Endringa gjeld frå 15. august 2011 for studieåret 2011-2012, og er for alle studentar.

50 prosent eller meir

Sjukestipend betyr at lån blir gjort om til stipend når du blir sjuk i ein periode du får støtte frå Lånekassen. Gradert sjukestipend omfattar studentar og elevar som blir 50 prosent sjukmelde  eller meir, og det blir gitt sjukestipend tilsvarande sjukmeldingsprosenten.

Gjeld for alle

Ordninga med gradert sjukestipend gjeld for alle studentar som kan dokumentere sjukdom i samsvar med krava som blir stilt av Lånekassen. Ordninga gjeld også når du må avbryte utdanninga på grunn av sjukdom.

Sjukestipend for elevar i vidaregåande opplæring

Tek du vidaregåande utdanning med ungdomsrett, kan du få sjukestipend i den perioden du er sjuk, dersom du oppfyller krava til sjukestipend. Beløpet du då får som sjukestipend, er det same som du ville ha fått i stipend og eventuelt lån dersom du ikkje var sjuk, og vil bli gradert i forhold til om du er heilt eller delvis sjukmeld.

Sjukestipend for studentar i høgare utdanning

Tek du høgare eller anna utdanning (all utdanning utanom vidaregåande med ungdomsrett), og blir sjuk og derfor ikkje kan følgje undervisninga, kan du også få sjukestipend. Då får du gjort om lån til stipend i sjukdomsperioden. Beløpet du får som sjukestipend, er det same som du ville ha fått i lån og stipend til saman i den perioden du er sjuk, og vil bli gradert i forhold til om du er heilt eller delvis sjukmeld.

Les meir om sjukestipend her.